(01.03.2021)
 

Prisendring

1. april 2021 endrar vi prisen på breibandsabonnementet «Internett 150». Ny månadspris vert 649 kroner.

Kvifor blir prisane på breibandet justert?
Dette er ei generell prisauke som er i tråd med prisnivået i marknaden.
Strøymetenester, heimekontor, gaming og stadig fleire produkt som blir kopla til internett stiller høge krav til breibandet. Vi jobbar heile tida for at breibandet skal vere best mogleg slik at du får ei god oppleving.
 
Målet vårt er å ha ein konkurransedyktig pris og levere internett av god kvalitet.
 
Kor lang tid i førevegen må de varsle om prisendringa? 
Vi må varsle kundane om prisendringa minst ein månad før prisendringa trer i kraft. Prisendringa gjeld frå 1. april 2021.
 
Kan eg seie opp avtalen når de endrar prisen?
Kundar som betalar listepris (629 kr/md) har ikkje rett til å seie opp avtalen grunna prisjusteringa. Men dei som betaler gamal pris på 599 kr/md har rett til å seie opp innan 1.april, grunna prisjusteringa. Då vil oppseiinga ha verknad frå same dato, 1.april.
 
Kvar finn eg oversikt over abonnementet mitt?
På Di side finn du informasjon om kundeforholdet ditt.