(10.10.2018)
 

Premieutdeling i Krafttaket

Årets 10 gode gjerninger spreidde mykje glede i Krafttaket 2018. Torsdag kunne vi i Tussa med stoltheit dele ut 100 000 kroner til dei 10 deltakarane i Krafttaket 2018.

Krafttaket 2018 avslutta framside.png
Gjengen blei samla til ei kjekk stund på Tussatun i Ørsta for presentasjon av dei ulike gjerningane og uhøgtidleg premieutdeling.
 
Her er ei oppsummering av dei gode gjerningane og kor mykje dei ulike laga/organisasjonane fekk i premie:
 
 
Marknadssjef Lise Ulstein deler ut kr. 21.260,- til Hareid Triatlon som fikk flest stemmer i Krafttaket 2018

1. plass  - HAREIDLANDET TRIATLON fekk ein premie på kr. 21.260,-
Hareidsdølen Triatlon samla heile 500 menneske på Holesanden. Arrangementet har ei konkurranseklasse for dei vaksne, men her var det først og fremst borna som var i sentrum. Rundt 70 born mellom 6 og 15 år deltok. Dei kunne velje mellom tre ulike grupper , alt etter kor langt dei ønskte å symje, sykle og springe. Fokuset var leik og fysisk fostring og her var ALLE vinnarar. Klubben sitt mål var å få folk til å kome saman og gjere noko sosialt og fysisk utfordrane i fellesskap og det lyktes dei svært godt med.
 

 
Vartdalsstranda generasjonskorps kom på en knakende god 2. plass og fekk utdelt kr.21.211,-
 
2. plass – VARTDALSSTRANDA GENERASJONSKORPS fekk ein premie på kr. 21.211,-
Den gode gjerninga til korpset var ein aktivitetsdag for bebuarane på Vartdal Helsetun. Korpset møtte først til yatzyspel og kjekt prat med dei eldre.Etterkvart spelte musikantane konsert med innlagt dikt av Vidar Sandbeck (pengegalloppen og heksedans).Som avslutning spelte gjengen eit sjølvlaga rollespel der eventyret om Bukkane bruse låg i botnen.
 
3. plass – GJERDSVIKA IL TRIMGRUPPA – fekk ein premie på kr. 17.030,-
Trimnemnda til Gerdsvika IL si gode gjerning i Krafttaket var å arrangere ein fjelltur til området der er planar om å sette opp ein ny gapahuk. Trimgruppa legg elles ned mange dugnadstimar kvart år med merking og utbetring av turstiar i området.

4. plass – KVANDALSVEIEN VANYLVEN – fekk ein premie på kr. 9.311,-
Organisasjonen si gode gjerning var å bygge vidare på tur-/sykkelsti frå Brandalsfjellet til Kvanndalen og Sandneskleiva. Ynskje er å gjere narurskjønne Kvanndalen endå betre tilgjengeleg for alle uansett alder, samt å gje enklare tilkomst for td rullestol og barnevogner som ikkje kan ferdast i ei vanleg rås eller sti. Hovudfokus er turglede og trivsel.

5. plass – HAREID IL TURN – fekk ein premie på kr. 8.056.-
Hareid IL Turnforening si gode gjerning i Krafttaket var å rydde Overåsanden. 20 gymnastar med foreldre sto for denne strandryddedugnaden. I løpet av ein fantastisk sommar har stranda vore mykje i bruk. Ein skikkeleg ryddesjau var difor på sin plass for å være klar for ein forhåpentlegvis like bra sommar neste år.

6. plass – VOLDA HANDBALLKLUBB – fekk ein premie på kr. 6.684,-
Volda Handball inviterte til gratis handballskule som si gode gjerning i Krafttaket. Det var yrande liv i Voldahallen då 80 unge handballentusiaster frå 1.-4.klasse fekk ein minneverdig dag på bana. Spelerane på damelaget stilte som trenarar for borna og trenar Halldor Haraldsson sto bak aktivitetsløypa i hallen. Dette blei ein dag fyllt av entusiasme, innsats og glede og ikkje minst eit stort pluss for rekrutteringa til klubben.

7. plass – HOVDEBYGDA KROKKET OG HESTESKO – fekk ein premie på kr. 5.669,-
Den gode gjerninga til klubben har vore å restaurere den gamle bana for å få krokketsporten tilbake i Hovdebygda. Dugnadsinnsatsen blei utvida til også å gjelde bane for hesteskokasting.

8. plass – ULSTEIN TAEKWONDO KLUBB – fekk ein premie på kr. 4.616,-
klubben si gode gjerning var å plukke plast/søppel for å vere med å redde verdas hav. Dei 80 medlemane har kvar plukka 5 søppelting i heile konkurranseperioda. Dei blei inspirerte av kampanja "5 for hvalen" ; Om kvar femte nordmann plukkar 5 om dagen, fjernar vi 35 tonn søppel frå naturen. Kvar einaste dag!

9. plass – AUSTEFJORDEN BYGDEKVINNELAG – fekk ein premie på kr. 3.687,-
Den gode gjerninga til bygdekvinnelaget var å arrangere ryddedugnad i nærområdet på Fyrde i lag med barnehageborn og skuleelevar. Medan borna rydda gatelangs laga bygdekvinnene ein lekker lunsj til dei inne i bygdestova.

10. plass – ÅMDAL IL TRIMGRUPPA – fekk ein premie på kr. 2.476,-
Den gode gjerninga til Trimgruppa var å rydde ei rås slik at den er klar til å lage natursti av neste år.
11 trimposta er idag i nærområdet til Åmdalen og fleire blir det då i 2019.