Aktuelt og media
(14.03.2013)
 

På kurs med motorsag

Tussa har arrangert motorsagkurs for medarbeidarane i montasjeavdelinga. Hovudfokus har vore sikkerheit, utstyr, fellingsteknikk, og kvessing/vedlikehald av sag.

1IMG_0410_web.jpg
Dei yngste og mest urøynde har gjennomgått dagskurs med praksis i Ytrehovden. Dei mest erfarne eit halvdags teorikurs.
 
Instruktør har vore Jostein Dalen frå Aktivt Skogbruk. Han har lang erfaring frå skogsarbeid, linjerydding, og som instruktør. Det har vore nokre lærerike dagar for både røynde og urøynde.