(16.12.2020)
 

Øystein Vikingsen Fauske tilsett som adm. direktør i nytt energiselskap

Dei tre energikonserna TAFJORD, SFE og Tussa har tilsett Øystein Vikingsen Fauske som administrerande direktør i det nye selskapet som skal drive straumsal til privat- og bedriftsmarknaden. Fauske kjem frå stillinga som konserndirektør for digitalisering, HR og produktutvikling i Ekornes.


Øystein Vikingsen Fauske
 
I juli vart det kjent at TAFJORD, SFE og Tussa går saman om ei felles satsing innan straumsal. Det er konserna sine selskap som driv sal av straum til privat- og bedriftsmarknaden som skal samarbeide. Øystein Vikingsen Fauske er tilsett som administrerande direktør i det nye selskapet. Han startar i stillinga 1. mars 2021.
 
- Vi er svært godt nøgde med at Fauske har takka ja til å leie selskapet. Vi har høge ambisjonar for det nye selskapet, og er overtydde om at Fauske har den kompetansen og bakgrunnen som skal til for å byggje opp eit sterkt, nasjonalt marknadsselskap for energi. Selskapet skal vere ein kundenær og innovativ energiaktør, som tilbyr framtidsretta og berekraftige løysingar, seier Erik Espeset, styreleiar i det nye selskapet.
 
Øystein Vikingsen Fauske har sidan 2016 vore ein del av konsernleiinga i Ekornes. Der har han hatt ansvar for digitalisering, HR og produktutvikling. Tidlegare har han 12 år med erfaring frå det internasjonale konsulentselskapet Sopra Steria, der han hadde ulike leiarroller, og var sist COO (Operating Director) for selskapet sin rådgjevingsdivisjon i Skandinavia. Fauske har også konsulenterfaring frå prosjekt innan strategi, digitalisering og omstilling frå fleire verksemder i ulike bransjar. Han er utdanna sivilingeniør i industriell økonomi og teknologileiing frå NTNU i Trondheim, og har i tillegg leiarutdanning frå Harvard Business School.
 
- TAFJORD, SFE og Tussa har sterke posisjonar i regionen, og det blir spennande å vere med å utvikle det nye selskapet. Kraftbransjen er ein svært framtidsretta bransje, og heilt avgjerande for det grøne skiftet. Ei berekraftig samfunnsutvikling vil krevje ny teknologi, ny tenking og nye måtar å samhandle på. Dette vil det nye selskapet ta ei aktiv rolle med å utvikle, og eg gler meg til å engasjere meg i dette arbeidet saman med nye kollegaer, seier Fauske.