(14.01.2021)
 

Osdalen kraftverk er sett i drift

Meir miljøvennleg kraft frå Sunnmøre. Tussa har sett i drift sitt 23. vasskraftverk. Osdalen kraftverk vil ha ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 16 GWh, som er straum til om lag 800 husstandar i eitt år.

Foto: Osdalen kraftverk vart sett i drift i januar 2021. Utover våren og sommaren held arbeidet med å stelle til terrenget og området rundt kraftstasjonen fram.
 
Kraftverket utnyttar ei fallhøgd på 177 meter. Inntaket er bygd nedstraums Osdalssætrevatnet, og ei knapt to kilometer lang nedgraven røyrgate fører vatnet til kraftstasjonen, som står like framom Osdalsgardane.
 
Kraftverket har ein installert effekt på 4,3 MW. For å føre krafta ut på nettet har Tussa lagt ein vel 6,5 kilometer lang straumkabel frå Kalvatn til Osdalen. Heile prosjektet har ein byggjekostnad på om lag 65 mill. kr. Tussa fekk konsesjon på Osdalen kraftverk i 2014, og byrja utbygginga i august 2019.
 
Store investeringar i vasskraft
Tussa har no 23 vasskraftverk på søre Sunnmøre. Utbygginga i Osdalen føyer seg inn i rekkja av fleire investeringar Tussa har gjort i nybygg og rehabilitering av vasskraftverk. Dei siste åra er tre nye vasskraftverk sett i drift i Vanylven kommune, og det er gjennomført oppgraderingar ved fleire av dei eldre kraftverka, mellom dei Tussa, Ulsteindalen og Åmela kraftverk.