Aktuelt og media
(06.02.2018)
 

Oppgraderer Tussa kraftverk

Etter 57 år i drift skal Tussa kraftverk på Bjørke gjennom ei stor oppgradering. Meir påliteleg drift og auka produksjon er målet.

Tussa kraftstasjon
I løpet av fire hektiske månader denne våren skal så godt som alt av maskiner plukkast frå kvarandre, nye delar skal inn og gamle delar skal vedlikehaldast i kraftstasjonen inne i fjellet på Bjørke.
 
Planen er at i juni, når arbeidet er ferdig, skal kraftverket kunne produsere 12 GWh meir enn det gjer i dag. Normalproduksjonen aukar då til 274,6 GWh i året. Dette er nok energi til å forsyne godt over 13 000 vanlege bustadhus med straum i eitt år.
 
Digitalisering av vasskrafta
Men det er ikkje berre meir kraft av same mengde vatn som er gevinsten ved oppgraderinga. Ronny Færøy er prosjektleiar og fortel at kraftverket også blir meir påliteleg og får nye system for overvaking.
 
- Smidde turbinhjul og forbetra konstruksjon gjer kraftverket meir påliteleg. Vi skal også setje inn ny regulator som gir oss større moglegheit til regulering og separat styring av nåler, forklarar han.
 
Også digitalisering, som ein høyrer mykje om innanfor alle bransjar for tida, er på full fart inn i vasskraftverk. Færøy fortel at på Tussa kraftverk vert det sett opp nye system for overvaking, og via avanserte datamodellar og analyse av big data vil ein kunne sjå tilstanden på kraftverket, oppdage feil i ei tidlegare fase og slik gjere meir effektivt vedlikehald når det trengs.
 
Ferdige til sommaren
5. mars startar demonteringa av maskinene. Tida fram til då vert nytta effektivt til å leggje til rette på anlegget, detaljplanleggje gjennomføringa av oppgraderinga og følgje opp produksjon av delar ute hos leverandørane, Rainpower og Hymatek.
 
I juli skal kraftverket vere i produksjon igjen. 
 
Tussa sitt største kraftverk
Tussa kraftverk på Bjørke er det største av Tussa sine 21 vasskraftverk. Kraftverket vart sett i drift i 1961. Turbinane og kuleventilane vart kjøpt i 1957, men var produsert på 40-talet. Løpehjula vart bytt ut i 1981-82, og har vore i drift fram til i dag.
 
Wow-effekt! Det er ikkje berre storleiken på anlegget som overraskar besøkjande. Kraftverket byr også på ei visuell wow-effekt, malt i tidsriktige fargar frå byrjinga av 90-talet. No vert det også ei fargemessig oppgradering inne i maskinhallen.
 

I byrjinga av februar vart Tussa kraftverk stoppa, og det har vore stor aktivitet inne i anlegget. Her frå sandfanget, som vanlegvis er fullt av vatn. Her er NTNU og Tussa i gang med å montere opp ei rekkje sensorar for å måle stein, grus, sediment og vassmengd. Før ein set inn nye løpehjul skal dei forske på korleis ein kan unngå at stein følgjer med vatnet inn i turbinane og gjer skade på dei. 
 
I ein av tunnelane har forskarar frå HydroCen og NTNU rigga seg til med datautstyr. I staden for at dei testar med vatn og stein på små modellar i laboratoriet i Trondheim, har dei fått heile Tussa kraftverk som boltreplass. Det er noko dei ikkje har opplevd før, og entusiasmen er difor stor. 
 
Rørgata er høg nok til at ein person på 170 cm kan gå oppreist. I løpet av eit år fossar det gjennom så mykje vatn her at det gir nok straum til godt over 13 000 vanlege bustadhus. 
 

Terje Viddal, maskinmeister i Tussa, og Ronny Færøy, prosjektleiar, i brakka som ligg oppe i fjellsida på Bjørke.