Aktuelt og media
(27.01.2016)
 

Oppgraderer Åmela kraftverk

Åmela kraftverk er Tussa sitt nest største, og nyleg vart den 40 tonn tunge rotoren løfta ut for vask og vedlikehald. Fram til mai skal det snart 40 år gamle kraftverket pussast opp og få nye delar.

Åmela kraftverk, generator
Rotoren er ein del av generatoren i kraftverket. Frå venstre ser du kraftverksjef Terje Myklebust, prosjektleiar maskin Ronny Færøy, Kåre Otterdal og prosjektleiar elektro John Harald Sandblost.
 
Tussa er i gang med oppgradering av turbin og generator på Åmela kraftverk. Kraftverket har gått med originale delar sidan det vart starta i 1977, og har i løpet av åra produsert nesten 5 milliardar kilowattimar fornybar vasskraft. Oppgraderinga vert gjort for at vatnet skal utnyttast enda betre. Forsking med 3D-verkty lovar den nye turbinen om lag 3 % høgare verknadsgrad, det vil seie at produksjonen aukar med om lag 4 GWh i året. 1 GWh er nok straum til å forsyne eit byggjefelt med 40 bustadhus i eitt år.
 
Over 9 milliardar omdreiingar
Rotoren er ein del av generatoren i kraftverket, og før rotoren kunne løftast ut med kran, har det vore ei veke med demontering og klargjering. Generatoren på 33 MW held eit turtal på 1000 omdreiingar i minuttet. Det betyr at rotoren i løpet av snart 40 år har gjort godt og vel 9 milliardar omdreiingar!
 
- Det var ei rivande utvikling i vasskraftbransjen på 70-talet, og det var Kværner som gjerne ville levere det nye designet den gongen. Det har ettertida vist seg særs vellukka, seier kraftverksjef i Tussa, Terje Myklebust.
 
– Åmela har hatt snart 40 år med problemlaus drift, og etter det eg kjenner til har Åmela det største aggregatet med 1000 omdreiingar i Noreg.
 
I drift i mai
Arbeidet på Åmela er grundig planlagt, og det er lagt opp til ein stram tidsplan for at vekene utan vasskraftproduksjon skal verte så få som mogleg. I tida fram mot påske vert kraftverket demontert. Mange delar skal brukast opp igjen, og dei vert vaska og vedlikeheldt. Noko nytt ustyr skal inn, mellom anna turbinhjulet. Frå påske og fram til mai vert kraftverket pusla saman igjen, bit for bit, og gjort klar til å produsere meir kraft av vatnet frå Dalsfjordfjella.
 
Kraftverket blir stoppa for oppgradering etter nesten 40 år med problemlaus drift med originalt utstyr. Sindre Kvangarsnes er maskinmeister på Åmela kraftverk.
 
Jens Petter Leite førebur rotorløft i Åmela kraftverk. Jens Petter er ein av fleire i Tussa som jobbar med oppgraderinga. I tillegg er folk frå leverandørane Rainpower og Alstom med på arbeidet.
 
Krana er festa og klar til løft av den 40 tonn tunge rotoren.
 
 
Det har blitt nokre omdreiingar i løpet av åra, nesten 9 milliardar