Aktuelt og media
(19.08.2017)
 

Opning av solcelleanlegg på Høgskulen i Volda

Fredag 18. august markerte Høgskulen det nye solcellepanelet sitt. Tussa Installasjon har levert solcellepanelet, som er eit av dei største anlegga i fylket.

- Solcelleanlegg kjem i stadig større grad inn som ein del av leveransen av elektrotekniske anlegg, og vi har eit kompetansemiljø knytt til dette. Denne typen anlegg som vi har levert til Statsbygg og Høgskulen i Volda har lang levetid og vil gi høg produksjon i mange år framover, seier Jo Stian Tverberg, adm. direktør i Tussa Installasjon.
 
Arbeidet på høgskulebygget i Volda starta i mai, og totalt er 570 solceller montert opp på nord- og sørsida av taket. Anlegget vil produsere om lag 100 000 kWh straum i året, og produksjonen skal nyttast i bygget. I følgje Høgskulen i Volda og Frank Lande i Statsbygg vil produksjonen dekkje om lag 10 prosent av energiforbruket i huset.
 
Solcelleanlegget vart offisielt opna av landbruks- og matminister Jon Georg Dale.