(03.07.2018)
 

Nytt personvernombod i Tussa

Kari Knutsen er nytt personvernombod i Tussa. Ho skal bidra til at Tussa behandlar personopplysningar om kundar og tilsette på korrekt måte og i samsvar med reglane i personopplysningslova.

Personvernombodet skal mellom anna halde oversikt over verksemda si behandling av personopplysningar og passe på at verksemda har etablert eit system for internkontroll. Ombodet skal også vere rådgjevar overfor leiinga og tilsette.
 
Tek personvern på alvor
Tussa har sidan varselet om at dei nye personvernreglane (GDPR) blir norsk lov, gjort eit grundig arbeid for registrere kva personopplysningar dei ulike selskapa i konsernet lagrar, og korleis dei blir brukt. Opplæring i det nye regelverket, og etablering av nye rutinar der det er behov for det, vil sikre at personopplysningar blir behandla korrekt.
 
Foto: Kari Knutsen er ettermarknadssjef i Tussa og har leia GDPR-prosjektet i konsernet. No har ho takka ja til rolla som personvernombod i Tussa.
 
Les meir: