(08.06.2018)
 

Nye personvernreglar - gi oss ditt samtykke

Nye personvernreglar gjer at kundar må samtykke i å motta e-post, sms, telefon og post frå oss. Vi har sendt ut informasjon til alle kundane våre om dette.

EU si forordning for personvern (GDPR) blir snart gjeldande i Noreg. Det betyr at alle norske verksemder får nye plikter for korleis dei behandlar personopplysningar og ivaretek personvern.
 
I samband med dette har Tussa oppdatert retningslinjene for personvern, som du kan lese her:
https://www.tussa.no/om-oss/retningslinjer-for-personvern
 
Gi oss ditt samtykke
Fredag 8. juni sender Tussa ut informasjon til alle kundar om å gi oss samtykke til å sende ut informasjon og tilbod. Vi treng samtykke for framleis å kunne sende ut til dømes nyheitsbrev, Tussakalender til jul, gode tilbod og invitasjonar til ulike arrangement og aktivitetar i kundefordelsprogrammet vårt.
 
Du kan gi og endre samtykke under Min Profil på Di side.