(29.05.2020)
 

Nye dammar i Ulsteindalen

Tussa Energi er i gang med å ruste opp dammane i Ulsteindalen kraftverk. I Litlevatnet skal det støyapst heilt ny dam, og i Mosvatnet skal den eksisterande fyllingsdammen omarbeidast. Dette blir gjort for å stette nye krav til flaumsikring frå Olje- og energidepartementet.

I Litlevatnet er arbeidet god i gang, og går du tur langs den mykje nytta turvegen opp igjennom dalen, er arbeidet godt synleg. Den nye dammen blir støypt på utsida av den gamle, og skal etter planen stå ferdig til vinteren. Då startar arbeidet med å rive den eksisterande platedammen. I tillegg blir det arbeidd med eit nytt flaumløp på sørsida av vatnet, og flaumløpskanal til Tverrvadelva.
 
I Mosvatnet blir fyllingsdammen ståande som i dag, men Tussa vil byggje om flaumløpet. Dette arbeidet vil starte når dammen i Litlevatnet er ferdig. Sidan Mosvatnet er hovudvasssforsyning til Ulstein kommune, vert det teke særskilte omsyn i arbeidet.
 
Ulsteindalen kraftverk
Ulsteindalen kraftverk hadde 100-årsjubileum i 2017, og er det eldste av Tussa sine 22 vasskraftverk. I 2011 vart kraftverket modernisert med ny kraftstasjon. Det gamle kraftstasjonsbygget er gjort om til møte- og selskapslokale, drifta av Ulstein hotell.
 
Ulsteindalen kraftverk har ein normalproduksjon på 5 GWh i året, og installert effekt på 1,2 MW. Kraftverket er eit av totalt 11 magasinkraftverk som Tussa Energi eig og driftar. I tillegg har Tussa 11 elvekraftverk.