Aktuelt og media
(18.02.2013)
 

Ny teknologi i veglys

Statens Vegvesen og Tussa gjennomfører eit prosjekt i Volda sentrum, for å teste ny teknologi i veglys. Val av LED- armatur er venta å gi fleire fordelar.

Lysseminar.jpg
Veglysseminar hos Tussa
 
Torsdag 14. februar heldt Tussa og Statens Vegvesen miniseminar for medarbeidarane sine. Det vart orientert om nye teknologiar i veglys, og prosjektet i Volda. Veglysprosjektet er drive av Statens Vegvesen, og saman med entreprenørseksjonen i Tussa har dei valt teknologi, der valet fall på LED- armaturar, og styring og overvaking av armaturane.
 
Lyset for framtida
 
LED er den lyskjelda som marknaden trur skal verte den framtidige lyskjelda. Dette seier Edvin Løfoll, leiar entreprenørseksjonen i Tussa.
 
-LED-lys har lang levetid, god kvalitet, lågt energiforbruk og høg grad av styringsmoglegheiter. I pilotprosjektet i Volda får vi testa ut denne teknologien, som forhåpentlegvis gir eit trafikksikkert og moderne veglysanlegg med høg kvalitet. I forlenging av dette, og i samråd med Statens Vegvesen, valde vi å leggje opp til eit miniseminar der vi henta inn folk for å orientere om dei nye teknologiane.
 
Kjetil Westgaard frå Datek Wireless AS, og Stig Krøvel frå Vik Ørsta AS, orienterte om styringar og nye koplingsstykke i master. Deltakarane var Tussa- medarbeidarar som jobbar med veglys, samt 10 medarbeidarar frå Statens Vegvesen.