Aktuelt og media
(05.12.2012)
 

Ny rekord

Onsdag 5. desember registrerte Tussa det høgste straumforbruket nokon gong i Tussaland. Heile 185 MWh vart brukt i rekordtimen mellom klokka 09.00 og 10.00.

Forbrukstoppar går gjerne hand i hand med høge straumprisar, men i dag har prisen på straum vore relativt låg. Snittprisen 5. desember var på 39 øre per kWh.
 
Til samanlikning kan vi nemne førre forbruksrekord, frå 8. januar 2010. Då vart det brukt 182 MWh i timen mellom klokka 09.00 og 10.00, og straumen kosta 8,20 kroner per kWh.