(05.11.2020)
 

Ny bok: Krafttaket på Bjørke

I høve 60-årsjubileet til Tussa kraftverk har forfattar og historikar Jon Hustad skrive bok om krafttaket på Bjørke. For første gong vert mennene og kvinnene som bygde Tussa kraftverk og henta vatnet, intervjua. Dei fortel om alt det artige og kjekke, men dei fortel òg om dei fæle ulukkene. 11 menn døydde under utbygginga.

Inst i Hjørundfjorden på Bjørke låg ein av Noreg sine største og kraftigaste fossar, Tyssefossen. Det er no 60 år sidan han vart lagt i røyr, og Tussa byrja å levere straum til heile søre Sunnmøre. 
 
Men utbygginga var ikkje ferdig med det. I åra etterpå fram til 1966 skaut arbeidarane ut 15 kilometer med fjelltunnelar for å hente enda meir vatn til magasinet, både frå Hjørundfjord-sida og Hornindal-sida. 
No leverer kraftstasjonen på Bjørke 280 millionar kilowattimar i året. I kjølvatnet av utbygginga har søre Sunnmøre gått gjennom ei storstilt industrireising. Levestandarden har gått opp, og eigarkommunane vorte rikare. 
 
Det er skrive mange bøker om kraftverkutbygging i Noreg. Dette er første boka der arbeidarane fortel. 
 
Til sals i lokale bohandlarar og på netthandelen til Haugen Bok!