(15.10.2018)
 

No er vassmagasina fulle

Tussa sine vassmagasin er fulle eller snart fulle. Den siste veka har kombinasjonen snøsmelting og nedbør gitt tilsig til magasina på 250 % av normalen.

Fleire av Tussa sine magasin renn no over, og størst har overløpet vore i Tyssevatnet. I helga var det 60 cm overløp, noko som gjorde Tussafossen på Bjørke rekordstor.

Også i Austefjordvassdraget, Ørstavassdraget og Ulsteinvassdraget har det vore fullt i lengre tid, med overløp i kraftverka Kopa, Kolfossen, Vatne, Bjørdal og Ulsteindalen.

Stor kraftproduksjon
Måndag føremiddag går Tussa sine 21 vasskraftverk framleis for fullt etter ei helg med storproduksjon av kraft.
 
 
 
 
Foto frå Tyssevatnet og Skipedalen 11. oktober.