Aktuelt og media
(27.12.2013)
 

Nettleiga aukar i 2014

1. januar 2014 aukar Tussa Nett nettleiga for straum. For ein gjennomsnittsfamilie vil nettleiga auke med 695 kroner i året.

Nettleiga er sett saman av ein fast del (fastledd) og ein variabel del (energiledd). Fastleddet er det same uansett kor mykje straum som blir brukt, medan energileddet varierer med energiforbruket. I tillegg kjem statlege avgifter. I 2014 vil energileddet auke med 2,5 øre/kWh inkl. mva. Total pris for eit gjennomsnittleg hushald inkl. statlege avgifter vert etter endringa 50,49 øre/kWh inkl. mva. Det blir ein årleg auke på 695 kroner, der 195 kroner går til å dekkje den statlege elavgifta. Totalt aukar nettleiga med om lag 7 %.
 
Årleg nettleige
Gjennomsnittsfamilien vil etter auken betale 6 750 kroner i nettleige i året. I tillegg kjem statlege avgifter på 3 348 kroner. Til saman vert årleg nettleige 10 098 kroner for ein gjennomsnittsfamilie med forbruk på 20 000 kWh.
 
Årsaka til auken
Tussa Nett har redusert nettleiga med 15 % sidan orkanen Dagmar i romjula 2011. Under og etter orkanen var mange av nettkundane utan straum. Gjennom stegvis prisreduksjon har alle kundane fått ein kollektiv kompensasjon for ulempene straumbrota medførte. I løpet av 2013 og 2014 vil kundane ha fått tilbakeført 36 millionar kroner gjennom redusert nettleige.