(28.10.2021)
 

Mot jamnare kraftprisar i framtida

Måndag vart Tussa og Fjord Energi sitt småkraftseminar arrangert, med over 50 deltakarar. Dette er ein viktig møteplass for lokale utbyggjarar av småkraftverk, sa Tor Havåg i Tussa under opninga. Kraftprisane var hovudtema for seminaret, og dei store ulikskapane mellom prisområda i Noreg.

Foto: Årets føredragshaldarar Kristian Vassbotn, Charlotte Sivertsen, Tor Havåg, Monica Heggheim og Olav Botnen.
 
Tussa og Fjord Energi sitt småkraftseminar har blitt arrangert 11 år på rad, og seminaret tek føre seg informasjon om kraftprisar, prisutsikter og kraftnett. Dette er eit godt høve for den lokale småkraftbransjen å oppdatere seg og utveksle erfaringar.
 

Mot ei utjamning av områdeprisane

Olav Botnen, senior analytikar i Volue presenterte året vi er inne i som opp frå oska, etter fjoråret sine svært låge kraftprisar. I år er stoda annleis, med ein kraftmarknad som er prega av høge gass-, kol- og kvoteprisar, og ekstreme områdeprisdifferansar mellom nord og sør både i Noreg og Sverige.
 
Dei store skilnadene mellom områda kan forklarast med ver og magasinfylling, svensk vindkraftutbygging, flaskehalsar i kraftnettet mellom Sognefjorden og Dovre, og dei høge prisane på gass, kol og CO2-kvotar, sa Botnen, som ser føre seg at kraftprisane vil halde fram med å vere høge resten av 2021. Deretter anslår han at det vil halde fram med å vere skilnader mellom prisområda i Noreg fram mot 2026. I desse åra vil prisane i Midt- og Nord-Noreg liggje noko lågare enn systemprisen og Sør-Noreg.
 
- I 2026/2027 er det forventning om at mange av problema som skaper høge prisar er løyste, til dømes flaskehalsar i nettet, og at områdeprisane i Noreg vil verte likare, med ein kraftpris på rundt 50 øre/KWh.

 

Ny nordisk balansemodell

Vidare i seminaret delte Charlotte Sivertsen i Vågsland Kraftanmelding informasjon om balansemarknadene, og at kraftmarknadene etter kvart vil få 15-minuttsoppløysing og til sist full europeisk marknadsintegrasjon. Allereie frå 1. november vert balanseavrekninga endra frå to til ein-pris. Frå nettselskapet Linja deltok Kristian Vassbotn, avdeligsleiar for kraftsystem. Han tok føre seg prisprognosar for innmatingstariffar, nettreguleringar og varsling av slike. Tor Havåg i Tussa Energi snakka om prissikring, der det store skilnadene i områdeprisen, mellom spotpris og systempris, har blitt ei stor utfordring for prissikringa.