Aktuelt og media
(23.01.2017)
 

Meir Tussafiber til Ulsteinvik

Fiber er godt motteke i Ulsteinvik, og Tussa startar difor opp sal i to nye felt i januar. No er det kabel-tv-nettet Gamlevegen – Petterbakken og Saunesvegen som står for tur og skal bli erstatta med fiber.

Kartutsnitt fiber til Gamlevegen Petterbakken
- Oppgraderinga til fiber har vore svært godt motteke så langt og vi er snart i mål med å byggje ut fiber i dei tidlegare kabel-TV-felta i Ulstein. Dei aller fleste innbyggjarane i felta vel å ta i bruk den nye teknologien, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Fordelar med fiber
- Det er mange fordelar med fiber, men først og fremst er det mogleg med høgare hastigheit på breibandet. Dei fleste kundane som har kabel-TV-nett i dag har 25 eller 50 Mbit internetthastigheit. Med fiber kan vil tilby hastigheter opp mot 500 Mbit. Vidare tilbyr vi Get si nye TV-plattform til dei som er tilkopla fibernettet, seier han.
 
Seljarar ut i feltet
Allereie 23. januar startar salet til innbyggjarane i Gamlevegen- Petterbakken og Saunesvegen. - Vi startar med eit informasjonsmøte på Ulstein hotell måndag 23. januar, der vi vil fortelje meir om planane våre. Deretter kan innbyggjarane i feltet vente seg besøk av seljarane våre, opplyser Driveklepp.
 
Osneset og Skeide til våren
Når Tussa avsluttar salet i dei to nye felta Gamlevegen – Petterbakken og Saunesvegen, står Osneset og Skeide for tur. Etter planen startar Tussa sal av fiber til innbyggjarane her rundt påsketider.
 
Aktiv på Facebook
Tussa nyttar Facebook aktivt i utbygginga av fiber, og har oppretta grupper for dei aller fleste utbyggingsfelta i kommunane på søre Sunnmøre. Det er også gjort for Gamlevegen – Petterbakken og Saunesvegen. Slik oppnår ein god dialog med innbyggjarane, og det er låg terskel for å stille spørsmål og diskutere.
 
 
Kartet i toppen syner utbyggingsfelt for Gamlevegen - Petterbakken. Kartet nedanfor er for Saunesvegen.