Aktuelt og media
(11.09.2015)
 

Meir effektivt vedlikehald av kraftnettet

Innføringa av smarte straummålarar er den største moderniseringa av straumnettet på over 100 år. I tillegg til å gi kundane betre oversikt og kontroll på eige kraftforbruk, betyr den nye teknologien at nettselskapa enklare kan finne feil i nettet og rette feila raskare.

margrete og per_web.jpg
Bildetekst: Per Bjørkedal saman med primus motor for Tussa energikonferanse, salssjef for kraftsal til bedrift, Margrete Heltne Hovde.
 
- Leveringstryggleiken blir betre. Vi kan bruke AMS-teknologien til å måle tilstanden i nettet, seier Per Bjørkedal, fagansvarleg for måling i Mørenett. Han er djupt involvert i prosjektet med å rulle ut nye straummålarar til alle husstandar og bedrifter i Møre og Romsdal.
 
Alarm ved feil og straumbrot
Dei nye straummålarane vil kunne måle spenninga på det elektriske anlegget heime hos folk.

- Ved å leggje grenseverdiar inn på målaren, kan vi setje den opp slik at nettselskapet får beskjed dersom spenninga blir for høg eller for låg. Det same gjeld for jordfeil, opplyser Per Bjørkedal.

- Nettselskapa kan også få varsel om straumbrot, straumtjuveri og andre feil i nettet. Vi vil også få vite meir nøyaktig kor feilen er lokalisert, og slepp å reise ut for å leite og feilsøke i same grad som no, legg han til.