Aktuelt og media
(29.10.2014)
 

Mange øydelagte modem

Mange av kundane våre har fått øydelagt modem og utstyr etter toreveret onsdag 29. oktober. Dei som har fått øydelagt modem kan ta kontakt med Tussa kundesenter for å få nytt utstyr.

Ved torever er det ein god regel å trekke ut støpselet på elektrisk utstyr som ikkje treng å stå på. Dette gjeld også for modem/heimesentral.
 
Har du vanleg modem (DSL) må du dra ut både straum og telekabel, sidan lynet kan følgje begge leidningane inn i huset. Det same gjeld COAX (kabel-tv-nett).
 
Har du fiber er det nok å dra ut straumkontakta, sidan lynet ikkje kan følgje fiberkabelen inn i huset.