(19.08.2019)
 

Mange besøkte ope kraftverk

Laurdag var det Norddalen som var det sosiale samlingspunktet i Vanylven. Tussa inviterte til ope kraftverk på dei to nye vasskraftverka Tenneelva og Bruelva. Mange tok turen for å sjå, slå av en prat med kjende og smake på dei gode Tussa-svelene.

Bruelva og Tenneelva kraftverk er to av dei nyaste vasskraftverka til Tussa, sett i drift i 2014 og 2018. Laurdag 17. august opna Tussa dørene, og inviterte alle interesserte til å kome og sjå dei flotte anlegga. Trass i grått ver og regnbyger tok mange turen, og under telttaket vart det både varmt, lunt og god stemning.
 
Dei 13 grunneigarane til Tenneelva kraftverk har samarbeidd lengje om å realisere vasskraftproduksjon i Tenneelva. Tussa fekk jobben med å byggje og drifte kraftverket. Her er dei aller fleste av grunneigarane samla på open dag.