Aktuelt og media
(16.03.2015)
 

Lunsjkonsert med Sunnmøre Kammermusikkfestival

Det var ikkje kvardagskost Tussamedarbeidarane i Ørsta fekk servert i lunsjen måndag. Tussa har vore fast sponsor av Sunnmøre Kammermusikkfestival i ei årrekkje, og som ein lekk i det vart maten akkompagnert av klassiske tonar frå fiolinist Annar Follesø og pianist Kristian Lindberg.

Lunsjkonsert på Tussatun - sjeldan kost
Tussa sponsar lokale frivillige lag og organisasjonar i kommunane på søre Sunnmøre og Hornindal. I 2015 inngjekk Tussa ei treårig samarbeidsavtale med Sunnmøre Kammermusikkfestival.
 
Kammermusikkfestivalen har vorte arrangert sidan 2010 og har sidan oppstarten utvikla seg til å bli ein populær festival med musikarar på internasjonsalt toppnivå. I tillegg legg Sunnmøre Kammermusikkfestival vekt på utvikling av musikklivet i regionen, ved å invitere med seg kulturskulane og stimulere unge, lokale talent. Konsertane er spreidd utover fleire kommunar på søre Sunnmøre. Dette er alle faktorar som gjer Sunnmøre Kammermusikkfestival til eit godt døme på ein festival Tussa er stolt av å samarbeide med.
 
Då spørsmålet kom om vi kunne tenkje oss ein lunsjkonsert med to av dei dyktigaste innan sine instrument i Noreg, takka vi sølvsagt ja til det. Fiolinist Annar Follesø og pianist Kristian Lindberg sytte for ein lunsj medarbeidarane i Tussa vil hugse lenge.
 
Takk til Annar Follesø, Kristian Lindberg og
Sunnmøre Kammermusikkfestival!