(06.09.2018)
 

Løyve til Vartdal kraftverk

NVE gir løyve til opprusting og utviding av Vartdal kraftverk.

Vartdal kraftstasjon

Vartdal kraftverk ligg i Ørsta kommune. Kraftverket vil få ny inntaksdam ved Litlevatnet, nye trykkrøyr plassert i same trase som eksisterande røyrgate og ny kraftstasjon plassert på same stad som i dag. Maksimal slukeevne blir auka frå 225 l/s til 750 l/s. Installert effekt blir 2,5 MW, mot 0,46 MW i dag. Dette vil gi ein produksjon på 9 GWh, noko som er ein auke på 5,8 GWh i forhold til produksjonen i dag.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging vil vere eit bidrag til ein fornybar og regulerbar energiproduksjon med avgrensa verknader for vassdragsmiljøet. NVE har lagt vekt på at tiltaksområdet allereie er nytta i kraftsamanheng, og NVE meiner at tiltaket vil ha små ytterlegare negative verknader for biologisk mangfald. Prosjektet er etter NVE si oppfatning lite konfliktfylt, då ingen av høyringspartane er imot tiltaket.

NVE har sett vilkår for å redusere dei negative verknadene for ålmenne interesser, mellom anna slepp av minstevassføring på råka elvestrekning i Risaskarelva.
 
Kjelde: NVE.no