Aktuelt og media
(09.05.2017)
 

Leverer eit av dei største solcelleanlegga i fylket

Tussa Installasjon skal levere 1 000 kvadratmeter solceller til taket på Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Solcelleanlegget kan produsere opp mot 100 000 kilowattimar i året, og er i følgje Statsbygg eit av dei største anlegga i fylket.

Foto: Illustrasjon av solcelleanlegget som Tussa Installasjon skal levere. (Foto: Høgskulen i Volda)
 
- Solcelleanlegg kjem i stadig større grad inn som ein del av leveransen av elektrotekniske anlegg, og vi har eit kompetansemiljø knytt til dette. Denne typen anlegg som vi leverer til Statsbygg og Høgskulen i Volda har lang levetid og vil gi høg produksjon i mange år framover, seier Jo Stian Tverberg, adm. direktør i Tussa Installasjon.
 
Arbeidet på høgskulebygget i Volda har nettopp starta opp, og totalt skal 570 solceller monterast opp på nord- og sørsida av taket. Energien anlegget produserer skal nyttast i bygget. I følgje Høgskulen i Volda og Frank Lande i Statsbygg vil produksjonen dekkje om lag 10 prosent av energiforbruket i huset.
 
- Statsbygg er oppteken av grøne avtalar og fornybar energi. Vi har store takflater på bygga våre rundt om i landet og vil på denne måten utnytte det. No blir Berte Kanutte-huset eit av dei første bygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket, seier Frank Lande til Høgskulen i Volda.
 
Tussa Installasjon er ein del av energikonsernet Tussa, og har etablert seg som ein regional leverandør innanfor alle typar installasjonstenester. Jo Stian Tverberg seier dei er glade for å ha fått oppdraget på Høgskulen i Volda.
 
- Gjennom rammeavtalen med Statsbygg og Høgskulen i Volda har vi hatt eit godt og langt samarbeid. Dette prosjektet føyer seg inn i rekkja av det. Vi er ein solid og trygg leverandør, som vil vere der i heile levetida av anlegget, seier Tverberg.