(15.05.2018)
 

Ledig stilling som ingeniør/sivilingeniør bygg

Tussa Energi har ledig stilling som ingeinør/sivilingeniør bygg/VTA. Søknadsfrist 27. mai.

Tussa Energi AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet planlegg, byggjer ut og driv kraftverk, samt kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. Tussa Energi har ansvaret for drift og vedlikehald av 21 kraftverk og eit biobrenselanlegg. Vi har eit nytt kraftverk under bygging og planar om ytterlegare nye, samt fleire oppgraderingsprosjekt. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har 21 tilsette.
 
No er det ledig stilling som ingeniør/sivilingeniør bygg/VTA i selskapet. Det er ikkje krav om godkjenning som VTA (vassdragsteknisk ansvarleg), då slik utdanning vil bli gitt.
 
Den nye medarbeidaren vil bli ein del av ei VTA-gruppe som har tre godkjende vassdragsteknisk ansvarlege ingeniørar.
 
Meir om viktige arbeidsoppgåver i stillinga, kvalifikasjonar og søknadsskjema finn du her:
 
 Ledig stilling som ingeniør/sivilingeniør