(16.05.2018)
 

Laurdagsope på kundesenteret

Frå 19. mai kan du få hjelp med internett og TV også på laurdagar. Vi utvidar opningstida på kundesenteret, og held ope frå klokka 12 til 15. På kvardagar held vi fram med same opningstid som før, frå klokka 8 til 19.

Du kan i mange tilfelle hjelpe deg sjølv ved å søke etter informasjon her på nettsida vår eller logge inn på Di side. Men vi ser at mange kundar likevel ønskjer å snakke med oss. Til dømes ved tekniske spørsmål om internett, trådlaust nett eller TV kan det ofte vere enklare å ha eit menneske å snakke med, enn å bruke pcen.
 
Å yte god kundeservice er viktig for oss, og du kan kontakte oss på telefon, e-post, chat eller Facebook.
 
 

Opningstider:

Sentralbord - tlf. 70 04 62 00
Måndag - fredag kl. 07.30 - 15.00
 
Kundesenter straum - tlf. 70 04 63 00
Måndag - fredag kl. 08.00 - 16.00
 
Kundesenter breiband og TV - tlf. 70 04 63 00
Måndag - fredag kl. 08.00 - 19.00
Laurdag kl. 12.00 - 15.00