Aktuelt og media
(08.03.2016)
 

Lærling i elektrofag

I Tussa har vi fleire kvinner som har tatt utradisjonelle yrkesval. Møt Camilla Bakke som er lærling i elektrofag i Tussa Installasjon.

camilla bakke_banner.jpg
Kva jobbar du med?
Eg er lærling i elektrofag i Tussa Installasjon.
 
Kor lenge har du jobba i Tussa?
Eg starta her i mai 2013. Eg skal ta fagprøva i november i år.
 
Kva går jobben din ut på?
Husinstallasjon, for det meste. Det varierer. Av og til er det service og andre gonger arbeider vi med nye hus. Det hender at vi arbeider med industri òg.
 
Kva likar du med jobben din?
Eg likar at eg møter så mange forskjellige menneske. Arbeider vi på eit hus vert vi til dømes kjent med snikkarar og rørleggarar. I tillegg veit ein aldri kva dagen vil bringe eller kvar ein skal arbeide. Nokre dagar er vi her og andre dagar skal vi til Ålesund.
 
Kva er utfordrande med jobben din?
Det er utfordringar, men på ein positiv måte. Eg trur i tillegg mange trur at ein som jente i slik jobb møter mange som meiner at slike jobbar skal ikkje kvinner ha. Slik er det ikkje, alle eg har møtt har vore positive.
 
Kva gjer deg stolt av å jobbe i Tussa?
Eg meiner vi gjer jobben skikkeleg og møter kundar med ei bra haldning.
 
Har du opplevd noko på jobb som du hugsar særskilt godt?
Når eg får til noko som montørane ikkje har fått til, hehe. Mange eg møter synes det er kjekt at kvinner òg tek slike jobbar. Ei dame eg møtte hadde sjølv valt ei litt spesiell retning og likte å sjå at det var andre som òg gjorde det.
 
Kva betyr kvinnedagen for deg?
For å vere heilt ærleg så tenkjer eg ikkje over det i særleg grad.