Aktuelt og media
(07.06.2015)
 

Krafttaket 2015

Med mottoet "med kraft til å skape gode gjerningar" arrangerer Tussa krafttaket-konkurransen for 3. gong i år. Alle lag og foreiningar på Søre Sunnmøre kan sende inn søknad om å få bli med i konkurransen. Søknadsfristen er sett til 31.august. Premiepotten er på 100 000 kroner.

KT15 webbanner.jpg
Tussa har 100 000 kroner som vi deler ut til dei som ønskjer å gjere noko bra for andre!
 
Gjennom Krafttaket oppmodar Tussa skuleklasser, idrettslag, skulekorps, musikklag, speidargrupper, kor o.l. om å gjere ei god gjerning. De må sende inn søknad om å delta.
 
Tussa vel ut dei 10 beste bidraga som går vidare i Krafttaket. 100 000 kroner blir fordelt mellom desse 10 bidraga basert på stemmer frå publikum.
 
Kva må DE gjere for å delta?
Alle frivillige lag og organisasjonar, skuleklasser og korps/musikklag i Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven, Hornindal, Ulstein og Hareid kan sende inn søknad om å delta. Vi ønskjer at flest mogleg barn og ungdom får vere med på å gjennomføre den gode gjerninga.
 
Registrer den gode gjerninga dykkar på www.krafttaket.no. Her kan de også skrive litt om kva de ønskjer å nytte pengane til. Den gode gjerninga må gjennomførast og dokumenterast på krafttaket.no innan 30. september.

 

Søknadsfrist: 31. august 2015

 
Avstemming og fordeling av pengestøtte
Alle bidrag som vert plukka ut til å delta får minimum 1 000 kroner. Resten av potten på 90 000 kroner blir fordelt i høve til talet på stemmer kvart bidrag får. Publikum kan gi ei stemme kvar dag via Facebook eller www.krafttaket.no i perioden 11. september – 30. september 2015.
 
Den gode gjerninga må gjennomførast og dokumenterast for å få tildelt støtte.
 
krafttaket.no
Dei gode gjerningane som vert plukka ut til å delta vert publisert og får tildelt ei eiga side med tekst og bilete på www.krafttaket.no. Bruk tildelt emneknagg (#) på Instagram, Facebook og Twitter for dele bilde og video. Filer med dykkar emneknagg blir publisert på tildelt side på www.krafttaket.no. (Er de usikre på korleis de gjer dette kan vi hjelpe med det.)
 
Usikker på kva de kan gjere?
www.krafttaket.no kan de lese om dei gode gjerningane som vart utført i 2014! Kanskje finn de litt inspirasjon her? Vinnaren i 2014, Ulstein Taekwondo klubb, skapte stort engasjement og fekk 5 585 stemmer noko som gav ein premie på 24 171 kroner.
 
Det er berre fantasien som set grenser. Gjer noko bra, ver med på årets krafttak!
 
Les meir om Krafttaket 2015 på www.krafttaket.no
- vi håper at nettopp DE har lyst til å gjere ei god gjerning!
 
Spørsmål?
Ta kontakt med Lise Ulstein: lise.ulstein@tussa.no
eller Evy Brandal: evy.brandal@tussa.no