Aktuelt og media
(16.10.2014)
 

Krafttaket 2014 skapte 1726 gode gjerningar

10 ulike lag/foreininger/skuleklasser i Tussaland har sidan 08. september konkurrert om ein premiepott på 100 000 kroner. For å delta i konkurransen måtte dei utføre ei god gjerning. Engasjementet rundt konkurransen har vore stor, og heile 1726 gode gjerningar er gitt til samfunnet rundt oss. Tysdag var alle laga samla i Tussa sine lokale i Ørsta for å bli gjort ære på og motta premien sin.

Hurra for deltakarane i Krafttaket 2014

Alle laga som var med i konkurransen får sin del av premiepotten. Fordelinga av pengane er utifrå kor mange stemmer dei har motteke på Facebook.

Totalt kom det inn 21693 stemmer. Her er resultatlista med tal stemmer og premiekroner:

Plassering
Lag/organisasjon
Tal stemmer
Premie
1
Ulstein Taekwondoklubb
5 585
24 171 kr
2
Barnekoret Småtroll   
5 550
24 026 kr
3
Sæbø IL - trimgruppa
2 492
11 339 kr
4
Bergsøy skolekorps
2 439
11 119 kr
5
Ørsta IL - langrennsgruppa
1 664
7 904 kr
6
Klasse 9E, Ulsteinvik ungdomsskule
1 207
6 008 kr
7
Gjerdsvika barnehage   
1 073
5 452 kr
8
Volda og Ørsta bordtennisklubb
771
4 199 kr
9
Volda Røde Kors hjelpekorps
495
3 054
10
Volda Rotary
417
2 730

 
Tussa er svært godt nøgde med gjennomføringa og resultatet av Krafttaket. Kampanjen skapte godt engasjement, og det var gledeleg å sjå alle dei gode gjerningane som vart gjennomførte i lokalmiljøet.
 
Eit av måla med Tussa si Facebooksatsing er å skape engasjement, og det har vi greidd med Krafttaket.
 
Tussa satsar på å køyre ny Krafttak-kampanje i 2015.