Aktuelt og media
(05.12.2017)
 

Kraftjubileum i Ulsteindalen

I år er det 100 år sidan Ulsteindalen kraftverk vart sett i drift. Kraftverket, som var eit av dei største kommunale verka på landsbygda, vart ei svært kostbart utbygging. Likevel var det optimisme blant bygdefolket, som såg kva betydning elektrisk kraft ville få for industrien i kommunen.

Ulsteindalen 100 år
25. august 1915 vart det halde eit folkemøte i Ulstein
Dette møtet var tromma saman av ordføraren, Hans B. Osnes, ein ukueleg optimist og ein handlekraftig mann. På møtet orienterte han om planane i Ulsteinelva, og meinte at no hadde det vore nok snakk om denne saka. «Det er ikkje berre for lyset si skuld at vi treng elektrisk kraft. Om nokre år vil og industrien ha bruk for kraft. Skal vi kunne hevde oss med andre bygder, må vi gå til utbygging snarast, koste kva det koste vil.»
 
Etter eit livleg ordskifte vart det skipa ei nemnd til å berekne prosjektet. Allereie 3. november var planane ferdige, og forhandlingane med grunneigarane starta. 10 000 kroner fekk dei for rettane, og prosjektet vart kostnadsrekna til 140 000 kroner.
 
Optimismen var stor då arbeidet tok til om våren 1916
25 mann var i sving med vegarbeid, brakkebygging, rørgata og seinare kraftstasjon. Det var sunnmøringar, nordfjordingar og svenske rallarar side om side.
 
 
Arbeidet gjekk effektivt unna, men likevel vart prosjektet etter kvart omstridt. I etterkrigstida var det dramatisk prisauke, og priskalkylen vart grundig sprengt. Det vart først søkt om å få låne 400 000 i Ulstein Sparebank, men heller ikkje det var nok. Lånet måtte aukast til 600 000 kroner. I eit nytt folkemøte i november 1917 måtte ordførar Osnes innrømme at kraftverket, som var eit av dei største kommunale verk på landsbygda, vart dyrt. Så dyrt at hadde han visst kor dyrt det vart frå først av, hadde han ikkje våga å røyste for bygging.
 
 
14. desember 1917 var den store dagen komen!
Krafta vart sett på for halve soknet, frå ytste Ulstein til Hovset. Flø og Dimna fekk kraft hausten 1919, men i dei andre krinsane måtte dei enno vente til dels lenge før dei fekk elektrisk kraft.
 
 
Eldst av Tussa sine 21 vasskraftverk
Ulsteindalen kraftverk er det eldste av Tussa sine 21 vasskraftverk. I 2001 vart kraftverket modernisert, og ein ny kraftstasjon vart sett opp ved sidan av den gamle. Nokre år seinare starta renovasjonsarbeidet med den gamle, stolte kraftstasjonsbygningen. I dag er Ulsteindalen kraftstasjon totalrenovert, og vert nytta som møte- og selskapslokale, disponsert av Quality Hotel Ulstein.
 

Den gamle kraftstasjonen er totalrenovert og fungerer i dag som selskapslokale
 

Fullt hus under open dag og markering av kraftverket sine 100 år 2. desember. Kraftverksjef Terje Myklebust fortel historia om kraftverket
 
Tekniske data
Ulsteindalen kraftverk har ein normalproduksjon på 5,7 GWh i året, og utnyttar Ulsteinelva og nedslagsfelta kring Linsjevatnet, Mosvatnet og Tjeldstjenna. 
Nedslagsfelt: 7,4 km2
Fallhøgd: 196 m
Normalproduksjon: 5,7 GWh per år
Installert effekt: 1,2 MW
 
Kraftverket vart modernisert i 2001, og i samband med det vart det bygd ny kraftstasjon
 

Omvisning i den nye kraftstasjonen under open dag 2. desember