(21.10.2020)
 

Korleis blir kraftprisane framover?

Det var hovudtema då Tussa og Fjord Energi inviterte småkraftbransjen til fagleg oppdatering på Småkraftseminar denne veka. 2020 har vore eit år med rekordlåge kraftprisar. Vil det vare?

Olav Botnen, senior analytikar i Wattsight illustrerte året vi er inne i som ei svart svane for kraftprodusentane. Ein våt vinter med store snømengder førte til hydrologisk overskot, samstundes som eksportkapasiteten vart redusert grunna arbeid på kablane til utlandet. Det førte til innesperra kraft og priskollaps. Men sjølv om kraftprisane vil halde seg på eit lågt nivå også framover, ser Botnen kvite svanar i horisonten, og prisauke i åra fram mot 2030.
 
EU sine mål om å redusere klimagassutslepp, generell elektrifisering av samfunnet og stor auke i etterspurnaden etter fornybar energi er faktorar som spelar saman og bidreg til å heve prisprognosane. I 2030 ser Botnen ein kraftmarknad der tilbod og etterspurnad er i balanse.
 
Stor interesse for kjøp av småkraftverk
Den aukande etterspurnaden etter fornybar energi frå vatn, vind og sol, gjer at småkraftverk er interessante, grøne investeringsobjekt for nasjonale og internasjonale investorar. Sal av småkraftverk var tema for innlegget til Olav Fuglestrand, styreleiar i Fjord Energi og tidlegare eigar i Ytre Kandal Kraft, og Elling Dybdal, adm. direktør i Tussa Energi.
 
Mykje kapital er på jakt etter langsiktig plassering og småkrafta høver godt inn i langsiktige investeringsstrategiar. Dybdal og Fuglestrand var samde om at betalingsviljen er høg blant investorane, trass dei låge kraftprisane.
 
Vindkraft i Sverige
Høg investeringsvilje var også noko Daniel Kulin, strategisk analytikar i Svensk Vindkraft fortalde om. Norsk vindkraft er i motvind, men store volum er på beddinga i Sverige. Utanlandsk kapital har appetitt også på investeringar i svensk vindkraft, og i Sverige vert det lagt opp til ei eksplosjonsarta vindkraftutbygging. I løpet av 20-talet vil vindkraftproduksjonen vere på same nivå som kjernekraftproduksjonen i Sverige, og ein ser føre seg opp mot 50 TWh vindkraft allereie i 2023. Dette vil heilt klart påverke kraftprisane i Norden, og set krav til eksportkapasitet til utlandet.
 

Tor Havåg i Tussa og Monica Heggheim i Fjord Energi ønskte velkommen til det tiande småkraftseminaret, som i år samla 60 gjestar til fagleg påfyll og sosial kraftprat. 
 
10 år på rad
Småkraftseminaret har etablert seg som ein god møtestad for småkrafteigarar på Sunnmøre og Nordfjord. I år var 10. året på rad seminaret vart arrangert. Småkraftseminaret har som mål å vere ein arena for uformell kraftprat og fagleg påfyll, noko deltakarlista tyder på at dei har oppnådd. I år var det godt over 60 deltakarar frå 30 småkraftverk til stades, i tillegg til representantar frå dei lokale bankane og Småkraftforeninga.
 

Føredragshaldarar og arrangørar av årets Småkraftseminar, Olav Botnen, Tor Havåg, Monica Heggheim,
Elling Dybdal og Olav Fuglestrand.