Aktuelt og media
(24.09.2014)
 

Konsesjon på to nye kraftverk

NVE har gjeve løyve til kraftverka Årsetelva, Skarbøen og Indre Trandal alternativ 2, medan søknadene om Skår og Klubbeneselva kraftverk er avslått. Alle prosjekta ligg i Ørsta kommune.

NVE melder på sin nettstad at dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere omlag 12 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 600 husstandar.
 
Tussa har inngått avtale med grunneigarane om utbygging av Skarbøen og Indre Trandal kraftverk.

I følgje NVE er søknadene er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. NVE har i si vurdering lagt særleg vekt på omsynet til Hjørundfjorden som eit nasjonalt viktig fjordlandskap.

Skår kraftverk, Indre Trandal kraftverk alternativ 1 og Klubbeneselva kraftverk vil i for stor grad vil røre ved verdiar knytt til fjordlandskapet, medan Skarbøen kraftverk og det reduserte alternativet til Indre Trandal kraftverk (alternativ 2) har akseptable konsekvensar.
 
Tussa har også avtale med grunneigaren av Skår kraftverk, som var eit av kraftverka som fekk avslag.