Aktuelt og media
(29.09.2014)
 

Konsesjon for Osdalen kraftverk i Volda

NVE har gitt Tussa konsesjon til bygging av Osdalen kraftverk i Volda kommune. Konsesjonen er gitt som omsøkt.

IMG_0730.jpg
NVE har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Volda kommune, der Osdalen kraftverk er eit av dei. NVE har gjeve løyve til fem av kraftverka og avslag til to. For eitt kraftverk har NVE tilrådd at Olje- og energiepartementet gjev løyve. Dette melder nve.no

NVE har gjeve løyve til kraftverka Osdalen, Dravlaus, Vassbakke, Osvatnet og Øggardselva i Volda kommune. NVE har tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Botnaelva kraftverk. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Storelva kraftverk og Feirdalselva kraftverk i Høydalen.

Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere omlag 46 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2300 husstandar.

Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. Verdfullt naturmangfald, landskap og samla belasting i området har vore sentralt i NVE si vurdering. Botnaelva kraftverk var tatt til behandling tidlegare, men er vurdert saman med dei sju andre søknadene.

NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.