(19.03.2020)
 

Kompensasjon for TV2 Sport Premium og Viasport

Get-kundar får full kompesasjon på TV2 Sport Premium- og Viasport-abonnement som følgje av utsette kampar i Champions League.

Kompensasjonen til kundane gjeld frå 15. mars og varar så lenge det ikkje vert spelt kampar i dei to fotballigaane.
 
Coronautbrotet har ført til store samfunnsmessige konsekvensar over heile verda, også innanfor internasjonal toppfotball. Get er opptekne av å ta best mogleg vare på kundane, og så lenge det ikkje vert spelt kampar i Champions League eller Premiere League, skal du som kunde sleppe å betale for sportsinnhaldet, melder Get. Kundar som har betalt vert kreditert på neste faktura.
 
Fri tilgang til C More
I tillegg til kompensasjon for TV 2 Premium og Viasport får alle TV-kundane hos Get fri tilgang til strøymetenesta C More fram til 27. mars.
 
Tilgang til kinopremierar
Framover vil du også få tilgang i Get filmleige til fleire spennande kinofilmar som skulle ha premiere på kino. I førre veke fekk du tilgang til iHUMAN som skulle ha kinopremiere, og Get vil kome med fleire større internasjonale filmar snart. Det er berre å følgje med i Get filmleige.