Aktuelt og media
(26.11.2012)
 

KLP inn i Tussa

Tussa vil inngå ein avtale med Kommunal landspensjonskasse (KLP) om ein aksjepost på inntil 15 % i selskapet. Avtalen vil ha ein verdi på rundt 305 millionar kroner. Det blir gjort for å styrke eigenkapitalen i selskapet.

Tussa har eit stort investeringsprogram dei komande åra, og styret har sett det som nødvendig å styrke eigenkapitalen i selskapet for å kunne gjennomføre dette.
 
Aksjesalet inneber at KLP kjøper Tussa sin post med eigne aksjar på 12,8 %, og at det blir gjennomført ein emisjon på 2,2 %. Den samla eigardelen til KLP i Tussa vil etter emisjonen kome opp i 15 %. Av ni eigarar i Tussa vil KLP då bli den fjerde største eigaren.
 
- Vi er svært fornøgde med å få KLP med som eigar. Energibransjen er kapitalintensiv og står føre store investeringar. Med den offentlege eigarskapen som er i bransjen i dag, vil det truleg måtte tilførast eigenkapital frå andre enn eksisterande eigarar. I eit slikt perspektiv er tidspunktet for å få KLP med på eigarsida fordelaktig. Tussa får tilført eigenkapital for å gjennomføre eit stort investeringsprogram, og aksjonærfellesskapen blir utvida med ein kapitalsterk aktør, seier konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal.
 
Tussa og eigarane i Tussa kjenner KLP godt som pensjonsleverandør, og det blir sett på som svært positivt at ein del av «pensjonskapitalen» blir plassert til utvikling av Tussa.
 
Tussa har forventningar til at KLP som ny eigar også skal bidra med kompetanse og kunnskap for å utvikle selskapet vidare.
 
Planane om aksjesalet og emisjonen vart presentert på eigarmøte i dag den 26.11.2012