Aktuelt og media
(17.01.2013)
 

KLP inn som eigar i Tussa

Onsdag 16. januar signerte KLP avtalen om kjøp av aksjar i Tussa. Aksjekjøpet har ein verdi på om lag 305 mill. kr, og KLP vert den fjerde største eigaren i Tussa.

Onsdag 16. januar: Per Victor Nordan i KLP og Elling Dybdal i Tussa signerer kontrakten.  
 
Aksjesalet inneber at KLP kjøper Tussa sin post med eigne aksjar på 12,8 prosent, og at det blir gjennomført ein emisjon på 2,2 prosent. Emisjonen vil bli endeleg handsama under ekstraordinær generalforsamling i Tussa 1. februar 2013. Den samla eigardelen til KLP vil etter emisjonen kome opp i 15 prosent.
 
Tussa har eit stort investeringsprogram dei komande åra, og salet er gjort for å styrke eigenkapitalen i selskapet, og slik få gjennomført investeringane. 
 
Eigarsamansetjing i Tussa etter sal og emisjon
Aksjonær   
A-aksjar 
B-aksjar
Sum
Ørsta kommune
309
747
1056
Herøy kommune
137
376
513
Volda kommune
0
484
484
KLP
454
0
454
Hareid kommune
0
201
201
Vanylven kommune
21
176
197
Ulstein kommune
29
58
87
Sande kommune
0
28
28
Hornindal Kraftlag AS
12
0
12
SUM
962
2070
3032