Aktuelt og media
(02.10.2014)
 

Karrieredagar på søre Sunnmøre

Samla gruppevis under nummererte faner går 10. klassingane frå stand til stand i Voldahallen. Det er trengsel rundt bord og benkar der opplæringskontor og utdanningsinstitusjonar kjempar om å få merksemda til elevane. Det er karrieredagar og energimontørlærlingane Vegard Tvergrov, Erling Bergmann og Håvard Vikestrand stiller på stand for Mørenett.

stolpeklatring_web.jpg
På opplæringskontoret for elektrofag sitt område i hallen har Mørenett sett opp stolpe og inviterer ungdommen opp i høgda. Svett i luggen under hjelmen hjelper Håvard Vikestrand ungdommane opp og ned. Vegard Tvergrov og Erling Bergmann står ved bordet for avmantling av høgspent- og lågspentkablar, og lar dei som vil få prøve seg med spesialverkty og kniv. 
 
- Det blir som regel berre tid til ein person i stolpen per gruppe, men det er veldig populært. Mange vil prøve, fortel Vegard.
 
Mørenett og Tussa har stort behov for energimontørar og elektrikarar i åra som kjem, og tek i mot lærlingar innan desse faga. Les meir her: https://www.tussa.no/jobb-og-karriere
 

3 i stolpen

Margretha Voldsund Nygard
Skule: Stokksund skule, 10. klasse
Kva skal du etter ungdomsskulen? Eg veit ikkje.
Kva med elektrofag, er det noko for deg? Eg veit ikkje heilt… ikkje med ein gong i alle fall. Men det var gøy å prøve stolpeklatring. Veldig gøy!

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Martha Bjørkelid
Skule: Dalsfjord skule, 10. klasse
Kva skal du etter ungdomsskulen: Eg har tenkt å gå allmennfag, og har lyst til å utdanne meg til psykolog.
Kva med elektrofag, er det noko for deg? Veit ikkje heilt… men det var artig å prøve stolpeklatring.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Frank Strandbø
Skule: Gursken skule, 10. klasse
Kva skal du etter ungdomsskulen: Eg har tenkt å gå elektro eller TIP.
Så da blir det kanskje energimontør av deg? Kanskje… 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Avmantling av høgspent- og lågspentkablar. Vegard Tvergrov og Erling Bergmann instruerar.
 
På stand for Mørenett: energimontørlærlingar Håvard Vikestrand, Vegard Tvergrov og Erling Bergmann
Hektiske dagar også for Opplæringskontoret for elektrofag: Frå venstre Espen Hoddevik, Jann Harald Røst
og Terje Vilnes.