Aktuelt og media
(07.01.2014)
 

Tussa jublar over kommunal kraftavtale

Ved nyttår fornya Søre Sunnmøre Innkjøpssamarbeid kraftkontrakten med Tussa. Det betyr at kommunane Herøy, Ulstein, Ørsta, Volda, Vanylven, Sande og Hareid held fram med å kjøpe straum frå Tussa fram til mars 2015.
- Dette er ein stor og viktig kunde som vi er særs godt nøgde med å få med oss vidare, seier salssjef i Tussa, Margrete Heltne Hovde.

For best mogleg service jobbar fakturaservice, ordrekontor og sal i team inn mot kundane. Frå venstre: Helen Frøystadvåg Kvalsvik, Rita Olsbø Hansen, Grete Ytrestøyl Amundø, Frank Vatne, Margrete Heltne Hovde og Merete Sævik Schakenda gler seg over kraftkontrakten med SSIS.
 
Avtalen som Tussa har inngått med Søre Sunnmøre Innkjøpssamarbeid (SSIS) gjeld leveranse av fysisk kraft med totalvolum på 60 GWh. Avtalen inkluderer ein spotavtale og ein porteføljeforvaltingsavtale.
 
Tussa har god kraftkompetanse og har lagt opp til tett dialog med SSIS. 
- Vi jobbar i team inn mot kundane, med representantar frå fakturaservice, ordrekontor og sal. Det skal vere direkte og korte linjer, slik at vi kan løyse eventuelle problem raskt og gi god kundeservice. Gjennom brukarmøte vi arrangerte i september, fekk vi god dialog og gode tilbakemeldingar. Det legg grunnlaget for eit godt samarbeid vidare, seier salssjef i Tussa, Margrete Heltne Hovde.
 
Salssjefen fortel også om nye og enklare faktureringsrutiner for kommunane. Dette ved å innføre elektronisk handelsformat (EHF), som er offentleg standard for elektronisk faktura og kreditnota. Føremonar med EHF er meir effektiv og smidig handtering av dokument, og ein sparar mijøet ved å minske papirmengda.
- Ulstein kommune var pilotkommune, og fleire kommunar kom til i 2013. No er vi i gang med resten av kommunane.