Aktuelt og media
(10.10.2016)
 

Jublande glade deltakarar tok i mot 100 000 kroner

Årets 10 gode gjerningar spreidde mykje glede i Krafttaket 2016. Torsdag kunne vi i Tussa med stoltheit dele ut 100 000 kroner til dei 10 deltakarane i Krafttaket 2016.

 
Gjengen blei samla til ei kjekk stund på Tussatun i Ørsta for presentasjon av dei ulike gjerningane og uhøgtidleg premieutdeling. Det var ei gledeleg overrasking når pianist John Inge Leira Bjøringsøy sette seg ved pianoet og underheldt med ein nydeleg pianoversjon av Bob Dylan sin kjende song "To make you feel my love".
 
Marknadssjef Lise Ulstein ønskjer velkomen til premieutdeling på Tussatun
Barneidretten Sæbø IL fekk 1. plass og heile 19 608 kroner
AMCAR Ytre Sunnmøre og dei flotte sanitets-
damene som stakk av med 2. plassen og heile
19 177,- kroner
Flinke speidarar frå Hareid KFUK KFUM
 
Her er ei oppsummering av dei gode gjerningane og kor mykje dei ulike laga/organisasjonane fekk i premie:
 

1. plass - BARNEIDRETTEN SÆBØ IL fekk ein premie på kr 19 608,-

Barneidretten Sæbø arrangerte sykkeltur for born til Urke. Det var godt oppmøte, heile 63 små og store var med på turen. Nokon satt i sykkelvogn, andre i sykkelsete, medan dei fleste sykla sjølve. Sjeldan har så mange syklistar entra ferja nokon gong på Sæbø. På Lekneset fekk dei følgje med hurtigruta "Kong Harald" innover til Urke. Ikkje kvardagskost å få sykle om kapp med sjølvaste hurtigruta. På Urke var det samling ved kraftverket for felles bilete. Etterpå var det grilling og kos ved Urke camping. Deretter gjekk turen tilbake til Lekneset og ferje attende til Sæbø. Ein kjempeflott tur!
 

2. plass - AMCAR YTRE SUNNMØRE fekk ein premie på kr 19 177,-

Bø og Sande Sanitetsforening og AMCAR Ytre Sunnmøre inviterte bebuarane frå institusjonar/sjukeheimar i Indre og Ytre Herøy på Eldrecruising, der dei eldre fekk køyre på biltur med flotte amerikanske bilar og hyggelege sjåførar. Dei blei henta på sjukeheimane, køyrt en tur rundt i Herøy og deretter gjekk turen til Bø og Sande grendahus der sanitetskvinnene diska opp med gode smørbrød og flotte kaker. Det blei ei koseleg ettermiddagsstund med song og musikk, god mat og prat. Totalt deltok Amcar klubben med 22 amerikanske bilar med sjåførar, 55 gjestar frå sjukeheimane, og omlag 20 stk frå Saniteten, som stod for mat og lokale.

 

3. plass - LARSNES IL TURN fekk ein premie på kr 13 814,-

Borna I Larsnes IL si turngruppe turna med stor iver, song sine vakraste toner, dansa og ikkje minst delte sin herlege barnelatter med beboerne på Sandetun. Gleda blei stor når man fyller rommet med mennsker fra 0 til (nesten)100 år. Klubben vart ønska velkomen tilbake og slike gode gjerningar gav meirsmak for gjentaking.

 

4. plass - HAREID KFUK KFUM SPEIDAREN fekk ein premie på kr 8 148,-

Speidarane på Hareid hadde ein kjempekoseleg ettermiddag i lag med dei eldre på Hadartun. Dei prata, spelte spel, drakk kaffe og åt kaker som dei hadde baka og tatt med. Speidarane storkosa seg, og det fekk dei inntrykk av at dei eldre gjorde også! Speidarane har bestemt seg for å gjere dette igjen.
 

5. plass - ULSTEIN TEN SING fekk ein premie på kr 7 579,-

Ulstein Ten Sing  arrangerte aktivitetskveld for Enslige mindreårige asylsøkere, EMA. Det var nokre spente gutter som kom, og det var litt skummelt å gå inn på Fredheim. Inne på Fredheim var tensing velkomstkomité, og dei startet med å stå i en stor ring, der dei hadde namnleik for å bli kjent. Det blei ganske morsomt å forstå namna til kvarandre. Det gikk fort å bli litt kjent. Utover kvelden blei det halde forskjellige leikar som bokstavleik, vote with your feet, kahoot, konkurranse om å byggje det høgste tårnet av spaghetti og mashmellows m.m. Det blei servert tacobaguetter med salat, og kaker, og det smakte tydeleg godt;) Til slutt sang Ten Sing ein song for gutane. Alle hadde ein veldig kjekk kveld, som frister til gjentakelse.
 

6. plass - GJERDSVIKA IL fekk ein premie på kr 7 366,-

Trimgruppa i Gjerdsvika IL inviterte heile bygda med på fellestur frå Herøyfjøsen til den nye gapahuken dei har sett opp. Dei som tok turen fekk servert både vaflar og pølser m/brød.
 

7. plass - VOLDA RIDEKLUBB fekk ein premie på kr 7 045,-

Volda Rideklubb møtte opp med 2 hestar og ein hund ved Fjordsyn omsorgssenteret i Volda og bebuarane fekk klappe, børste og kose med dyrA. Alle var begeistra for dyra. Dei viste fram seletøy på den eine hesten og hadde med strigler så dei som ville kunne pusse hestane. Dette er eit av dei kjekkaste oppdraga Volda Rideklubb har hatt.
 

8. plass - DAMEKORET LYST fekk ein premie på kr 6 976,-

Damekoret LYST si gode gjerning var ein konsert til inntekt for prosjektet «Frendefinansiert Flygel», som skal finansiere eit flygel til konsertlokalet pianist John Inge Leira Bjøringsøy er i ferd med å bygge heime på Leira. Konserten vart helde i stova til dirigenten av koret Nina Vedeld Telseth.
 

9. plass - ØRSTA ALPIN  fekk ein premie på kr 6 080.

Ørsta Alpin ønskte å gi bebuarane på BakkOla i Ørsta ein aktivitetsdag. Guro Osborg Kvammen (ein av trenarane i klubben) hadde laga eit fint og variert program. Først var det felles oppvarming med dans. Deretter blei det postar med potetløp, balanse, sparke ball på mål, hekkeløp, slalåmløype og bowling. Dagen blei avslutta med felles dans og servering av saft. Mange deltok, medan andre kosa seg med å sjå på.
 

10. plass - BERGSØY SKULEKORPS fekk ein premie på kr 4 205,-

Bergsøy skulekorps tok imot 81 born frå 5 barnehagar til musikkworkshop. Og med rundt 50 born frå skulekorpset blei det liv og røre i 2 timar på Kulturhuset. Det blei sett opp 6 ulike postar med mange flinke instruktørar frå aspirantar, juniorar til hovudkorps og drill. Dei ulike postane var rytme, drill, uniform, treblås, messingblås og marsj. Dei 81 borna var delt i 6 grupper med 13 eller 14 per gruppe. Barnehageborna var veldig flinke til å høyre etter og dei såg ut til å kose seg. Det gjorde dei i korpset også. I tillegg heldt korpset ein liten konsert for gjestane. Høgdepunktet på arrangementet var når alle; aspirant, junior og hovudkorps/drill saman med barnehageborna og dei vaksne frå barnehagen song, spelte og drilla til Tre Små Fisk. Det var stas med eit stort rytmeorkester på refrenget der alle borna frå barnehagane hadde kvart sitt rytmeinstrument. Det var tydleg at dei hadde fått med seg litt frå instruksjonen til Endre Petter på rytmeposten.