(25.11.2020)
 

IT-tenester til Fora Form i tre nye år

Fora Form har vore totalkunde på straum, internett og IT-tenester hos Tussa i over 11 år. 6. november signerte dei ei ny treårsavtale om leveranse av IT-tenester og internett.

ForaForm_Haram_Driveklepp 2020 intranett.jpg
Avtalen inkluderer servicedesk, drift og overvaking av system og infrastruktur, IT-sikkerheitstenester og konsulenttenester. I tillegg omfattar avtalen fibersamband til ulike lokasjonar. Fora Form har om lag 50 IT-brukarar fordelt på avdelingane i Ørsta, Bergen, Oslo og Stockholm.
 

Godt samspel

Fora Form er ein av Skandinavia sine største produsentar av møblar til det offentlege og private rom, og selskapet legg stor vekt på innovasjon, verdiskaping og god design. Det er viktig for dei å produsere og levere unike produkt, som skaper godt samspel der menneska møtast.
 
- Fora Form er opptatt av godt samspel, og det gjeld også i lokalsamfunnet rundt fabrikken vår. Det å ha ein IT-leverandør lokalt, som er nær oss, og som samstundes har eit av dei mest moderne datasentra i Noreg, gjer Tussa til ein naturleg samarbeidspartnar. Samarbeidet vårt er prega av open dialog og vi er svært nøgde med Tussa, seier Thomas Haram, adm. direktør i Fora Form.
 

Kundeutvikling

- Vi likar å jobbe med kundar som set krav til oss. Som IT-leverandør kjenner vi på eit ansvar for at kundane våre tek dei rette vala, og vi legg stor vekt på å gi gode råd. Proaktive konsulenttenester er ein del av avtalen med Fora Form, som betyr at vi kontinuerleg følgjer tett opp løysingane til kunden, foreslår strategiske endringar og vurderer forbetringar, fortel Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Skjerpa sikkerheit

Avtalen inkluderer også Tussa sine nye IT-sikkerheitsprodukt. Med denne løysinga får Fora Form ei betydeleg auke i sikkerheitsnivået, både på kontora og hos mobile brukarar, som til dømes nyttar IT-systema på heimekontor eller reise. Løysinga er overvaka heile døgnet, og eigne sikkerheitsspesialistar set i verk tiltak ved kritiske hendingar. Kvar månad blir det levert rapportar som viser aktuelle sikkerheitshendingar og eventuelle avvik.
 
- Vi ser ei veksande og betydeleg interesse for IT-sikkerheit blant kundane våre. Skjerpa sikkerheit er ein respons på utviklinga vi ser innanfor det digitale trusselbiletet. I Tussa ser vi diverre ein trend der fleire og fleire av kundane våre blir utsette for ulike uønskte hendingar. Vi er difor godt nøgde med at vi lag med Fora Form har tatt eit stort steg i rett retning med omsyn til IT-sikkerheit, seier Ivar Driveklepp, som takkar for tilliten og ser fram til å vidareføre det gode samarbeidet med Fora Form.