(27.01.2021)
 

IT-sikkerheit er svært viktig ved val av IT-leverandør

Høg kompetanse på IT-sikkerheit er svært viktig når bedrifter skal velje leverandør av IT-tenester. Dette går fram i ei omdømmeundersøking som Tussa gjennomførte før jul.

I Hovdebygda tilbyr Tussa IT-tenester frå eit sikkert og miljøvennleg datasenter.
 
Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research på oppdrag av Tussa. Det er Tussa sine bedriftskundar på produkta breiband og IT-tenester som har svart på undersøkinga, samstundes som det er gjort ei samanlikning med bedrifter på landsbasis. Resultata viser at IT-sikkerheit er svært viktig for bedrifter i heile landet.

- Dette er eit tydeleg signal om at satsinga Tussa har gjort på IT-sikkerheit er rett. Med ISO-27001-sertifsering kan vi dokumentere at vi har gode metodar og prosessar for sikkerheitsleiing. Tussa forvaltar store verdiar for kundane, og dei forventar at vi har full kontroll og kan stoppe angrep frå vondsinna aktørar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Tussa har dei siste åra opplevd veksande og betydeleg interesse for IT-sikkerheit i marknaden, og har både profesjonalisert og utvikla nye sikkerheitstenester. I lys av auka etterspurnad er Tussa i ferd med å tilsetje fleire medarbeidarar innanfor IT sikkerheit.

- Digitale trugslar og svindel mot bedrifter blir stadig meir avansert. Skjerpa sikkerheit er ein respons på denne utviklinga vi ser innanfor det digitale trusselbiletet, seier Driveklepp.

Miljøvennleg datasenter

I undersøkinga kjem det fram at også miljøomsyn vert vektlagt når bedrifta skal velje leverandør av breiband og IT-tenester. Tussa sine kundar meiner i større grad enn bedrifter på landsbasis at miljøomsyn er viktig.

- Tussa sin visjon er i å utvikle framtidsretta og miljøvennlege tenester. Vi har eit av landet sine mest miljøvennlege datasenter i Hovdebygda. Datasenteret blir forsynt med rein kraft frå Sunnmørsalpane, og all varmen serverane generer blir resirkulert og brukt til oppvarming av kontorbygg. Å levere miljøvennlege tenester ser vi på som eit konkurransefortrinn også i framtida, seier Driveklepp.