Aktuelt og media
(30.09.2014)
 

IT-konferansen 2014 - Ein sikker suksess

Over 100 deltakarar fann vegen til Tussa si IT-konferanse på Colorline Stadion 26. september. Tema for dagen var sikkerheit, og eit dusin føredragshaldarar heldt engasjerande føredrag spekka med faglege oppdateringar og konkrete råd til korleis ivareta tryggleiken i eiga bedrift.

Etter fire år har Tussa IT-konferanse etablert seg godt i miljøet på Sunnmøre, med auke i tal deltakarar frå år til år. I år var programmet breitt samansett for å famne om både dei tekniske, strategiske og løysingsmessige aspekta ved IKT-sikkerheit.

Trusselbiletet og sikkerheitskurs
Først ut var sikkerheitsekspert Gaute Fonneløp frå Infinigate, som ga ei oppdatering på trusselbiletet og kom med konkrete forslag til tiltak. Samstundes heldt Vigleik Hustadnes, IT-sikkerheitssjef i Tussa, sikkerheitskurs der han ga tilhøyrarane ei handfull praktiske verkty og råd i korleis handtere IKT-sikkerheit. Kva må ein tenkje på, kven har ansvaret og kva kan vi gjere, spurte han og understreka ved fleire høve kor viktig det er å utarbeide rutinar og lære opp medarbeidarane til bevisst bruk av IT-verkty.
 
Erik Herje, systemarkitekt i Avento, var neste mann ut, og han presenterte Briva for Sharepoint. Dette er Avento si plattform for implementering av intranett, - ekstranett- og internettløysingar, og som har fokus på samhandling og å gjere funksjonane i Sharepoint lett tilgjengeleg for brukarane.
 
Sean Smith, løysingsrådgjevar i Veeam Software, snakka om sikring av data og oppetid i sitt innlegg. Tilgjengelegheit på IT er kritisk for bedrifter og brukarar. Ved uønskte hendingar handlar det ikkje om backup men om restore. Spar tid og pengar ved å beskytte data og få høgare oppetid i bedrifta di, var bodskapen hans.
 
PST
Eit føredrag det var knytt forventingar til var Åge Stiklestad frå PST (Politiets sikkerhetstjeneste). Han ga tilhøyrarane ein gjennomgang av kva PST står for, og han tok også opp tema som sikkerheitstenking og vurdering av bedrifter sin verdi.
 
Åge Stiklestad frå PST innfridde forventingane med føredraget om PST sitt arbeid
 
Populære skytenester
Skytenester fekk også merksemd under konferansen. Under overskrifta «Vi løyser det i Skya» hadde Jan-Olav Dagfinrud, salssjef partnersal i Tussa, eit overordna blikk på skytenester og kva alternativ som finst for bedrifter i dag. Det er også utfordringar knytt til skytenster, og Jan-Olav kom med fleire råd til korleis navigere og velje rett i alle tilboda. Mange vel hybride løysingar, der nokre utvalde system blir lagt i skya, noko Dagfinrud meinte var eit klokt val.
 
Sosiale media
Neste post på programmet var sosiale media, der Olav Sindre Kriken frå Racer heldt eit engasjerande føredrag om omdømmebygging og brukarmakt. Han opplyste om at Facebook er det største mediet i Noreg i dag, større enn NRK. Og korleis skal bedriftene forhalde seg til dei nye media? Kriken sin bodskap var at bedriftene må vere til stades der brukarane er.
- Og dei fleste brukarar er på sosiale media. Her får bedriftene moglegheit til å kome inn i målgruppa sin private sfære, og skape gode og lojale ambassadørar. Samstundes er det viktig å vurdere risiko og ha strategi for korleis ein skal handtere negativ merksemd.
 
Trendar
Vi stiller større krav til mobilitet i dagens samfunn, og det betyr sikkerheitsutfordringar. Stian Hofseth, teknisk ansvarleg i Tussa, og Espen Gundersen, seniorkonsulent i Tussa, viste korleis ein kan arbeide sikkert kvar som helst og når vi ønskjer det. Også Magnus Lande, teknisk ansvarleg i Tussa, fortalde om trendar, med utgangspunkt i VMWorld-konferansen i San Francisco, og nyheiter og endringar som kom fram her.
 
Tussa sitt nye datasenter
Tussa sitt nye datasenter på Tussatun vart også presentert på IT-konferansen, og det var premiere på den nye filmen som fortel om datasenteret.
 

SJÅ FILMEN HER

Les meir om Tussa datasenter: Tussa byggjer nytt datasenter
 

Konferanseansvarleg Kjell Arne Sommerstad er godt nøgd med årets IT-konferanse. I bakgrunnen messeområdet med utstillarar frå Data Center Technology, Infinigate, Commaxx, dbWatch, Avento, Tussa, Mobiltalk og Lindbak.