Aktuelt og media
(31.10.2016)
 

Inviterer til småkraftseminar

Tussa og Fjord Energi inviterer til småkraftseminar i Loen 14. november. Tema for dagen er kraftprisutsiktene, områdeprisar og el-sertifikat.

Småkraftseminaret har blitt arrangert kvar haust siste åra, og det er særleg personar som driv småkraftverk på Sunnmøre og Nordfjord som deltek.
 
14. november er datoen for årets seminar, og det går føre seg på Hotel Alexandra i Loen. Her vil Olav Botnen, Markedskraft, snakke om marknadsutsiktene for 2017, prisdrivarar og områdeprisar. Adm. dir. Richard Grov på Hotel Alexandra vil snakke om taubane-bygginga i Loen, frå ide til realisering. Tor Havåg i Tussa vil ta føre seg opphavssertifikat og kva som er målet med ordninga i sitt innlegg.