(02.10.2019)
 

Inviterer til folkefest i Ørstahallen

Eit spennande industrieventyr gjennom 70 år. Tussa jubilerer og 26. oktober inviterer vi til stor folkefest i Ørstahallen. Velkommen!

Samfunnsbyggjaren

Tussa var krafta som forma søre Sunnmøre. Frå den første, dristige, vasskraftutbygginga på Bjørke i 1949, har Tussa sett moglegheitene, gripe tak i dei og lagt grunnlaget for framtida. I dag leverer Tussa rein, fornybar energi frå 22 vasskraftverk, og tilbyr superraskt internett slik at du kan nytte deg av alle moglegheitene digitalisering og ny teknologi gir. Vi legg til rette for at du kan bruke det siste innan smartteknologi, lade elbilen din og installere solceller på taket.
 

Inviterer til folkefest

Ingenting av dette hadde vore mogleg utan gode kundar og samarbeidspartnarar. 26. oktober inviterer Tussa til folkefest i Ørstahallen. Vi kan lokke med høg kjendisfaktor, konsert med lokale stjerner, energisk show og sponsorparade, for å nemne noko. Arrangementer er gratis å delta på, men du må vise billett.
 
Gratisbillettar reserverer du anten på www.tikkio.no eller på Tikkio-appen. 
 

Lang og spennande historie

Tussa si historie startar med ønskjet om å byggje ut Tussafossen på Bjørke. Heilt frå 1917 var det planar om kraftverk her, og etter mange års kamp om fossen var det kommunane Ørsta, Vartdal, Volda og Hjørundfjord som skipa Tussa i 1949.
 
Møte i Ørsta om planane for utbygging av Tussa kraftverk
 
Elektrisk lys var nesten ei ufatteleg nyvinning då det kom på byrjinga av 1900-talet. Det vart mogleg å arbeide fleire timar i døgnet, industrien voks, bygdene utvikla seg og kvardagen vart enklare og meir komfortabel. Det er ikkje rart at etterspurnaden etter elektrisk kraft voks i rekordfart.
 
Auka velstand og auka forbruk gjorde at Tussa såg moglegheitene for nye prosjekt. Frå det første, pioneraktige kraftverket på Bjørke til dagens energi- og kommunikasjonskonsern har det vore mange oppturar, stor vekst og ei rivande teknologisk utvikling. Sjølv om det ikkje lenger er ei magisk oppleving å slå på lysbrytaren på veggen, så er behovet for elektrisk kraft basert på fornybare løysingar like stort, om ikkje større enn før.
 
Skal vi lære noko av fortida, så er det at vi heile tida må fornye oss. Vasskraftproduksjon og ny teknologi gir store moglegheiter. Tussa er ein del av løysinga.