Aktuelt og media
(04.10.2017)
 

Innovative ungdommar

Er trådlause internettsoner i Ørsta sentrum ein god ide? Denne veka har fire ungdommar frå Ørsta vore på innovasjonscamp hos Tussa, og dei har designa ei løysing for dette.

Innovative ungdommar frå Ørsta
Linda Karin Aarseth, Fabian Kolås, Ole-Martin Masdal og Marte Høydal Sætre har skissert ein app, og er klare til å presentere løysinga si i Ørsta kulturhus
 
Ungdomane er elevar i 9. klasse på Ørsta ungdomsskule. Oppdraget dei fekk var å lage eit forslag til wifi-soner i Ørsta sentrum og eventuelt andre stader i Ørsta. Kvar det skal vere dekning, korleis pålogginga skal vere og kven som kjem til å bruke dette, er mellom spørsmåla dei skal svare på i oppgåva.
 
Ungdomsprodukt

Olve Øyehaug, leiar for forretningsområdet kommunikasjon, og Steinar Hauge, salssjef kommunikasjon, er mentorar for elevane. Dei fortel at bakgrunnen for oppgåva er ønsket om å finne produkt og tenester som treff ungdomar. 

- Trådlause soner (wifi) på sentrale samlingsplassar som idrettsarena, parkar, butikkar, kafear og meir kan vere eit aktuelt prosjekt for oss. Men for å vurdere dette må vi vite meir om mellom anna interesse, dekning, bruk og betalingsvilje. Innspel frå innovasjonscampen vil påverke om vi vil gå vidare med denne ideen eller ikkje, seier Olve Øyehaug.
 
Presentasjon torsdag

Torsdag skal gruppa presentere løysinga si på Kulturhuset saman med dei andre niandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule. Vi ønskjer gruppa og resten av 9. klassingane lykke til!