Aktuelt og media
(07.03.2014)
 

Ingeniørstudentar vitja Ulsteindalen kraftverk

Torsdag 6. mars fekk ei ingeniørklasse frå Høgskulen i Ålesund omvisning på Ulsteindalen kraftverk.

Ulsteindalen kraftverk
Ulsteindalen kraftverk er Tussa sitt eldste kraftverk, sett i drift i 1917. I 2000 vart kraftverket modernisert, og ein ny stasjon vart bygt ved sidan av den gamle. Kraftverket er eit magasinkraftverk som ligg i Ulsteindalen i Ulstein kommune, og utnyttar Ulsteinelva og nedslagsfelta kring Lisjevatnet, Mosvatnet og Tjeldstjenna. 
 
Den gamle kraftstasjonen er teken vare på, og vert i dag nytta som møte- og selskapslokale, disponert av Quality Hotel Ulstein.
Her i Tussa meiner vi det er viktig å gi interesserte innsyn i kva vi gjer, og ikkje minst korleis vi gjer det. Vi vil inspirere og auke kunnskapen om korleis straumproduksjon- og distribusjon går føre seg, og ser også dette som eit ledd i rekrutteringsarbeidet vårt.
Om de er interesserte i omvisning på eit kraftverka våre, kan de gjerne ta kontakt med oss.
 
Ulsteindalen kraftverk:
Sett i drift: 1917, modernisert 2001
Nedslagsfelt: 7,4 km2
Fallhøgd: 196 m
Normalproduksjon: 5 GWh per år
Installert effekt: 1,2 MW