(22.10.2021)
 

Hurra! Tussa IKT feirer 20 år

Tussa markerer 20 år i IT og kommunikasjonsbransjen, og for ei reise det har vore! Alle som har bidrege; medarbeidarar, kundar, samarbeidspartnarar og eigarar, skal ha ei stor takk for at vi i dag har ei IKT-verksemd med 80 tilsette og musklar til å vekse og utvikle oss.

 
 
Frøa til Tussa si IT og breibandssatsing vart sådd då Tussa oppretta ei eiga telematikkavdeling med ansvar for fjernstyring, samband og overvaking av kraftverk. Etter kvart som kompetansen vart utvikla, starta Tussa å tilby breiband til straumkundane, der kraftnettet vart brukt som føringsveg for breibandskabelen.

I 2002 vart det lagt til rette for å tilby breiband til innbyggjarane på søre Sunnmøre. Salet gjekk godt, utbygginga tok fart, og i 2006 kunne 95 prosent av innbyggjarane på søre Sunnmøre få breiband frå Tussa. I 2008 starta eit nytt kapittel i breibandsutbygginga, då Tussa gjorde vedtak om å byggje ut fiber. I dag er fiberdekninga i området på 95 prosent, og Tussa er i gang med utbygging til bygder som Runde, Bjørke og Dalsfjorden.

Parallelt med dette vart det satsa på IT-tenester. I 2003 kjøpte Tussa selskapet Netway og etablerte ei avdeling i Ålesund. Seinare vart selskapet Tussa IKT oppretta, for å ta hand om både breibandssatsinga og IT-satsinga til Tussa.

I dag har Tussa IKT om lag 80 tilsette, og tilbyr i tillegg til høghastigheits internett og digital-TV frå Telia, profesjonelle IT-tenester frå eit topp moderne og miljøvenleg datasenter i Hovdebygda. IT-tenestene blir selt til næringslivet primært i Møre og Romsdal, men også til andre delar av landet.

Torsdag 21. oktober vart 20-årsjubileumet markert saman med gode kundar og samarbeidspartnarar. Frå talarstolen talarstolen var det tilbakeblikk på historia fram til i dag, og på moglegheitene som ligg framfor oss.