Aktuelt og media
(08.04.2014)
 

Høgt aktivitetsnivå for Tussa Installasjon

2014 blir eit aktivt år for dei tilsette i Tussa Installasjon. Ordretilgangen er særs god for installasjonsselskapet som har fått tilslag på store prosjekt som til dømes Hødd stadion, hotell og badeland i Fosnavåg og nytt rådhus i Volda. Det betyr varierte og interessante arbeidsdagar for medarbeidarane i selskapet.

IMG_7003web.jpg
Frå venstre: Montør Frank Alvestad, lærling Ole Christian Blomberg Ryste, lærling Elias Knut Ulstein og montør Lars Breivik.
 
Tussa Installasjon har gjennom mange år opparbeidd seg eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan dei fleste elektrofaga. Dette er avgjerande for å kunne ta på seg og gjennomføre store og komplekse prosjekt.

– Ordretilgangen er god i Tussa Installasjon, både med oppgåver innan prosjektmarknaden og meir tradisjonelt installasjonsarbeid innan bustadmarknaden. Det betyr varierte og interessante arbeidsdagar for medarbeidarane i selskapet, seier adm. Dir. Jo Stian Tverberg.

Frank Alvestad er ein av dei som jobbar med installasjon på Hødd stadion. Her er det Tussa Installasjon som står for det meste av elektrisk arbeid, alt frå lampar, speakeranlegg, talevarsling, kabelbruer, til alarm og overvakingssystem. Han har nettopp starta som montør i Tussa Installasjon og det var nettopp mangfaldet som gjorde at han søkte seg hit.

– Det virka som dei hadde mange gode jobbar. Det som var utslagsgjevande var vel kanskje at Tussa Installasjon virka såpass godt tilrettelagt og ordentleg, som ein trygg arbeidsplass skal vere, seier Frank.

Fleire nytilsette

Stor ordretilgang og mykje arbeid har gjort at Tussa Installasjon har tilsett fleire nye elektrikarar og montørar siste månadene. I tillegg har fleire lærlingar med ferske fagprøver fått seg fast arbeid, og ein har også leigt inn ekstra hender. Selskapet er no godt rusta til å gjennomføre dei store prosjekta.

– Dei nye vegsambanda gjer det også enklare for oss å setje inn folk der dei trengst mest. Det er kort reiseveg frå Hornindal til Ørsta og omvendt, og det same gjeld mellom Ulsteinvik og Ørsta. Det er ein stor fordel for oss, seier Jo Stian.

Elias Knut Ulstein og Ole Christian Blomberg Ryste er begge lærlingar i Tussa Installasjon og jobbar begge for tida med prosjektet på Hødd Stadion.

– Det er eit spennande prosjekt å få vere med på. Det er så mykje variert som skal gjerast. Blant anna skal vi etter kvart montere over 30 meter høge lysmaster rundt stadion, og det blir definitivt ei ny erfaring, seier Elias.

Volda Rådhus

Tussa Installasjon har i tillegg til dei andre store prosjekta nettopp skreve ny kontrakt der det skal leverast komplett elektroinstallasjon til Volda Rådhus. Det inneber blant anna brannvarsling, naudlys, nettverks- og svakstraumssystem og KNX-styring. Hovudentreprenør er HENT. Bygget er på veg opp og det blir stor aktivitet på prosjektet utover i 2014. Rådhuset skal vere ferdig tidleg i 2015.