(13.03.2020)
 

Høg beredskap for IKT og kraftproduksjon

Tussa har sett i verk ei rekkje tiltak for å sikre kraftproduksjonen og leveransen av breiband og IT-løysingar i ei tid der straum og digitale kommunikasjonsløysingar er svært viktig.

Tussa er involvert i tre av funksjonane som styresmaktene har definert som samfunnskritiske i samband med pandemien. Dette er IKT-tryggleik i sivil sektor, kraftforsyning og elektroniske kommunikasjonsløysingar. Vi følgjer situasjonen nøye og har innført ei rekkje tiltak i konsernet for å hindre smittespreiing og sikre at forretningsdrifta vår er operativ til ei kvar tid.

Tussa er også med på den solidariske løysinga styresmaktene legg opp til for å avgrense rask smittespreiing i landet. Vi legg til rette for heimekontor og fleksible arbeidstidsordningar for medarbeidarane der det er mogleg. Vi har avlyst møte og kundearrangement, og treffast i staden på videokonferanse og digitale møteplassar. Dette er tiltak som mange av kundane våre også har sett i verk.

I staden for personleg oppmøte i lokala våre, oppmodar vi kundane våre til å kontakte oss på telefon, e-post og chat.