Aktuelt og media
(02.06.2017)
 

Historisk gjennombrot for bølgjekraft

2. juni vart ein historisk dag for fornybar energi generelt og bølgjekraft spesielt. Da vart Waves4Power sitt bølgjekraftsystem kopla til land, og har sidan produsert energi til det norske kraftnettet. Den historiske hendinga skjedde ved Runde, ein optimal stad med sin overflod av høge bølgjer.

- Ein milepåle for fornybar energi og for Waves4power, uttalar konserndirektør Ulf Lindeløf i Waves4Power i ei pressemelding. Dei meiner plasseringa utanfor Runde er heilt ideell for bølgjekraftverk. I løpet av året som har gått sidan WaveEL-bøyen vart lagt ut ved Runde, har anlegget fått prøve seg i 14 meter høge bølgjer. Dette var ein skikkeleg test, sjølv om fortøyningssystemet er designa for å takle vesentleg høgare bølgjer.
 
Stort energipotensiale i bølgjer
Tussa har hatt ei lita men sentral rolle i prosjektet. Det er Tussa som har konsesjon på bølgjekraftverk på staden, og som eig nettstasjonen der anlegget vert knytt til kraftnettet.
 
Konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal, gratulerer Waves4Power med resultata.
 
- Verdas energiproduksjon og transport må i framtida vere meir basert på fornybare kjelder, og det ligg eit stort energipotensiale i bølgjene. Det er gledeleg at Waves4Power no har lukkast med eit system som fungerer frå bølgjegenerator til kraftnett på land. Vi er glade for at dei vil teste ut anlegget sitt ved Runde, seier Dybdal.
 
Slik fungerer bølgjekraftverket
Sentralt i Waves4Power sitt energisystem er WaveEl-bøyen, som er 35 meter og åtte meter i diamenter. Ankerfeste av elastisk rep held bøyen i posisjon, samstundes som bøyen har fri vertikal rørsle. Bøyen er knytt opp mot ein sambandshub og vidare til land gjennom tre kilometer lange, spesialutvikla, marine kablar.
 
Systemet er eit resultat av mange år med utviklingsarbeid, prototypar og testing. Anlegget ved Runde er eit fullskala testanlegg, og eit viktig skritt mot kommersiell serieproduksjon. Denne produksjonen vil finne stad ved Fiskåholmen i Vanylven kommune. Det er Stryn-bedrifta Stryvo Group AS som vil vere ansvarleg for produksjonen. Dei marine operasjonane har vore planlagt, overvaka og utført av BlueOrbis AB og Olympic Shipping AS. Runde Miljøsenter har også ei rolle i prosjektet.
 
 
 
(Foto og film: waves4power.no)